Herold

Testar ny ordning under årets nasjonaldag

Plus
Kilde: Hordaland Author: Tonje Oliversen Published: 2026-03-09 03:00:00
Testar ny ordning under årets nasjonaldag

– Utgangspunktet er at me skal gjera det i fellesskap, seier dagleg leiar i Voss IL, Steinar Røthe.

Ansvaret for å laga til 17. mai arrangement på Vangen har tidlegare gått på rundgang mellom idrettslaga på Voss.

I fjor var det FBK Voss som stod for organiseringa, medan i år skal ein prøva ei heilt ny ordning.

Felles ansvar

I 2026 vil gjennomføringa av nasjonaldagen på Vangen vera eit felles ansvar mellom idrettslaga IL Ørnar, IL Viljar, Voss IL og FBK Voss.

– Utgangspunktet er at me skal gjera det i fellesskap, seier dagleg leiar i Voss IL, Steinar Røthe og forklarar at alle idrettslaga vil stille med kvar si gruppe.

– Alle laga deler på oppgåvene i dei ulike gruppene, legg Røthe til.

– Heilskapleg prosjekt

Ideen om å samarbeida om nasjonaldagen kom frå FBK Voss og Voss IL.

– Me diskuterte kor mykje arbeid som blir lagt ned og om folk flest veit at det er idrettslag som står bak dette?

Dei gjekk så i dialog med Voss herad, og før jol samla dei fire idrettslaga seg og blei einige om å testa ut ei ny ordning der dei arrangerer nasjonaldagen saman.

Heradet vil også ta meir ansvar for tilrettelegging i forkant av nasjonaldagen, opplyser Røthe.

– No er det eit heilskapleg prosjekt. Eg har trua på dette her.

Positiv til endring

Leiar i IL Ørnar, Cathrine Seim Haugen – fortel at dei tykkjer det er positivt at idrettslaga går saman.

– Det er eit stort og krevjande arrangement å få nok dugnadskraft til. Spesielt for dei små idrettslaga. Difor har me blitt med på dette. Arrangementet er avhengig av at idrettslaga er med, og me ser det er veldig stort for idrettslaga å gjera åleine.

Haugen peikar også på at Voss herad no har teke på seg meir av førehandsarbeidet.

– Me håpar dette kan betra litt av komitearbeidet.

I gang med planlegging

Nasjonaldagen nærmar seg med stormskritt, og 17. mai-komiteen hadde sitt fyrste møte denne veka.

– Det er ein del ting som er viktig å koma i gang med, seier Røthe.

Den nye organiseringa slår også positivt ut for dugnadslistene, vedgår Røthe.

– Det er stor forskjell på å stilla med 140 personar på ei dugnadsliste, i staden for 40.

🏷️ Extracted Entities (7)

FBK Voss (organization) Steinar Røthe (person) Voss IL (organization) IL Ørnar (organization) Vangen (entity) Cathrine Seim Haugen (person) IL Viljar (organization)