Herold

Arealplanen avgjer framtida til Voss – no må me velja klokt

Plus
Kilde: Hordaland Author: Øystein Måkestad, heradsstyremedlem Voss KrF, Voss Published: 2026-03-09 10:33:00
Arealplanen avgjer framtida til Voss – no må me velja klokt

Snart skal kommuneplanen sin arealdel reviderast. Vala som vert tekne no, vil forma utviklinga på Voss i fleire tiår framover.

Dette handlar eigentleg om noko heilt grunnleggjande: Korleis vil me at Voss skal utvikla seg i åra som kjem? Arealplanen avgjer kvar me kan byggja bustader, kvar næring kan etablerast, og kva natur- og landbruksområde me skal ta vare på. For KrF er det viktig at planen byggjer på berekraft – sosialt, økonomisk og miljømessig. Arealpolitikk handlar ikkje berre om kart og reguleringar, men om kva slags lokalsamfunn me ønskjer.

Bustadbygging nær eksisterande infrastruktur

Nye bustader bør byggjast der infrastrukturen allereie finst – skular, barnehagar, idrettsanlegg, vegar og kollektivtilbod. Område som Bjørgamarka, Skulestadmo og Bulken har god infrastruktur, og det er både fornuftig og økonomisk ansvarleg å leggja bustadbygging hit.

Bygdene må òg halda fram som levande lokalsamfunn. Voss skal utvikla seg som eit sterkt regionsenter, men folk må også kunna bu og leva gode liv i bygdene. Stader som Granvin, Evanger, Oppheim og Vinje har plass, trygge oppvekstmiljø og sterke lokalsamfunn. Mange unge familiar ønskjer ikkje berre ein bustad i eit tett bustadfelt, men også litt plass rundt seg – til dømes eiga tomt. I tillegg er det ofte rimelegare å etablera seg i bygdene med einebustad enn i sentrum av Voss.

Bustadbehova endrar seg òg. Fleire hushald består i dag av éin person eller par utan heimebuande born. Difor vil behovet for mindre bustader og leilegheiter i sentrum auka framover. I tillegg må me leggja til rette for bustader som fungerer når folk vert eldre, slik at fleire kan bu heime lengst mogleg.

Natur og fritidsbustader

KrF meiner at me må ta naturen vår langt meir på alvor. Eit grep kan vera å sjå nærare på dei tre viktigaste hytteområda våre og vurdera om detaljreguleringsplanane bør reviderast. Til dømes kan ein i Voss Resort opna for at hytter som i dag er godkjende med éi etasje, kan byggjast med to etasjar. Då kan ein òg vurdera behovet for fleire felles parkeringsplassar for å få det også med i same planen.

Nye fritidsbustader bør i hovudsak koma i tilknyting til eksisterande hytteområde, som Myrkdalen, Voss Resort og Voss Ski- og Tursenter, der infrastrukturen allereie er på plass. Reiselivet skaper store verdiar og viktige arbeidsplassar, og byggjenæringa er ein av dei største arbeidsgivarane på Voss. Å opna heilt nye område i urørt natur er ein dårleg strategi – både for natur, miljø og jordvern.

Næringsutvikling

Når det gjeld næringsareal, bør prinsippet vera enkelt: rett næring på rett stad. Næringsområde må knytast til god infrastruktur, eksisterande vegnett og ferdig opparbeidde tomter med vatn og kloakk.

Samtidig må me ta omsyn til naturen. Dersom delar av godkjende næringstomter ligg i sårbare myrområde, til dømes på Istadmarka, bør tomtene justerast i storleik slik at delar av området kan førast tilbake til LNF-område.

I tillegg er det viktig å arbeida vidare med detaljreguleringsplan for området Voss herad har kjøpt på Bjørkemoen, slik at ein offentleg godkjend plan kan koma på plass så raskt som mogleg. Utbygging og organisering kan gjerne skje i samarbeid med NOBI Voss.

Lokalt sjølvstyre og bygdene

Ei utfordring i dag er at mykje av planarbeidet vert gjort av private aktørar. Det gjer at heradet i praksis får mindre styring over kvar og korleis utbygging skjer. Dette kan særleg påverka bygdene, sidan private aktørar naturleg vil prioritera prosjekt med størst avkastning – ofte nær sentrum eller attraktive hytteområde.

Difor må heradet gjennom arealplanen leggja tydelege føringar som også legg til rette for bustadbygging i bygdene.

Før århundreskiftet hadde kommunen større reguleringsmynde og kunne selja tomter rimeleg for å få folk til å busetje seg i bygdene. Raundalen er eit døme på dette, der heradet selde tomter for éi krone – om eg ikkje hugsar feil.

Sentrum og regionsenter

I tillegg må me halda fram med å styrkja handel og aktivitet i Voss sentrum. Eit levande sentrum er avgjerande for at Voss skal utvikla seg vidare som eit sterkt regionsenter.

Arealplanen handlar i botn og grunn om kva slags Voss me vil gje vidare til neste generasjon. Difor håpar me at innbyggjarar, næringsliv og grunneigarar engasjerer seg og kjem med innspel i prosessen. No har me sjansen til å velja klokt.

Innspel til arealplanen – no må fleire på bana Tvildemoen, Skulestadmo og Palmafossen blir del av regionsenteret: – Viktige område No ropar rektorane varsku: – Dette er krise, fyrst og fremst for elevane

🏷️ Extracted Entities (19)

NOBI Voss (organization) Skulestadmo (entity) Voss Resort (organization) Bjørgamarka (entity) Bjørkemoen (entity) Bulken (entity) Evanger (entity) Granvin (entity) Istadmarka (entity) KrF (entity) LNF (entity) Myrkdalen (entity) No (entity) Oppheim (place) Palmafossen (entity) Tursenter (entity) Tvildemoen (entity) Vinje (entity) Voss Ski (person)