Herold

Front mot front-ulykke i Stryn

Plus
Kilde: Firda Author: Idar Stadheim Published: 2026-03-09 07:06:10
Front mot front-ulykke i Stryn

To bilar skal ha frontkollidert på fv. 60 ved Oldebukta i Stryn. Det melder Vest politidistrikt like etter klokka 08:00.

Dei involverte personane skal vere vakne og ute av køyretøya. Vegen skal vere stengd på staden og naudetatar er på veg.

Klokka 08.19 skriv operasjonssentralen at det er trafikkdirigering forbi ulykkesstaden.

Patruljen opplyser vidare at det er svært glatt på staden.

To personar var involverte i ulykka, opplyser politiet. Begge framstår som uskadde, men er tekne med til legevakt for sjekk.

Klokka 09.48 er også bilane henta av bilbergar. Naudetatane har avslutta på staden og vegen er open.

Det vert elles oppretta sak, men det er ikkje teke førarkortbeslag.

🏷️ Extracted Entities (3)

Stryn (entity) Oldebukta (entity) Vest (entity)