I dag kjem skattemeldinga: Dette må du hugse
Plus
Skatteetaten understrekar at sjølv om meldinga er førehandsutfylt, er den ikkje ferdig.
Skatteetaten startar utsending av skattemeldinga for 2025 måndag.
Førebelse tal viser at 2,7 millionar ligg an til å få skatt til gode, medan 1,2 millionar kan vente seg restskatt, ifølge ei pressemelding frå Skatteetaten.
Færre fekk restskatt
– Sjølv om skattemeldinga er førehandsutfylt, kan det vere feil eller manglar som gjer at du må justere eller leggje til opplysningar. Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at tala i skattemeldinga stemmer før fristen, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark i pressemeldinga.
Skattemeldinga blir sendt ut puljevis fram til 30. mars, og du får beskjed på e-post eller SMS når den er klar.
Tal frå fjoråret stadfestar viktigheita av å sjekke. Etter at skatteoppgjera for 2024 var klare, fekk fleire pengar til gode og færre restskatt enn førehandsutrekningane tilsa.
– Alle bør sjekke skattemeldinga nøye og syte for at alle opplysningar er med slik at du betaler rett skatt. Vi ser at fleire sjekkar og gjer dei nødvendige endringane. Det er bra, seier skattedirektøren.
Dette bør du sjekke
Førebelse tal syner at rundt 2,7 millionar ligg an til å få skatt til gode på i snitt 15.200 kroner per person. Til saman utgjer det 42 milliardar kroner.
Kring 1,2 millionar ligg derimot an til å få restskatt på 43.200 kroner per person. Det utgjer til saman 50 milliardar kroner.
Ei oversikt frå Skatteetaten syner at det er enkelte opplysningar som blir endra oftare enn andre. Ofte er det opplysningar som manglar, som du sjølv må legge inn i skattemeldinga.
– Har du for eksempel kjøpt eller selt bustad, investert i krypto eller har lån i utlandet, må du sjølv legge det til. Det gjeld både inntekter du skal skatte av, og frådrag som kan redusere skatten din, seier Funnemark.
Ho anbefaler deg å:
- Sjekke at opplysningane som står i skattemeldinga stemmer, endre om noko er feil og legge til det som eventuelt manglar.
- Sjekke at lån og renter er riktig fordelt. Har du lån saman med andre, blir lånet og rentene automatisk fordelt likt mellom dykk i skattemeldinga. Tidlegare kom heile lånet og rentebeløpet på éin av dykk.
- Sørge for at du har fått med deg dei frådraga du kan få. Dersom du er usikker på om det er frådrag du har rett på, bør du sjekke Skatteetatens frådragsrettleiar.
30. april er fristen for å endre skattemeldinga.
Når kjem pengane på konto?
Har du pengar til gode, blir desse utbetalt når du har fått skatteoppgjeret.
Ifølge pressemeldinga får 9 av 10 skatteoppgjeret før sommaren, medan nokre må vente til hausten. Alle skattemeldingar skal vere ferdig behandla før 1. desember. Dersom du ikkje leverer skattemeldinga før fristen 30. april, får du skatteoppgjeret ditt tidlegast i juni.
Restskatt må betalast innan august, men er rentefritt om du betaler seinast 31. mai.
Tek du denne sjekken, kan du spare tusenlappar
Løfta fram kvinnesaka: – Har ikkje kome av seg sjølv
– Må gjere det som er rett for banken