Moskog er ikkje ein stad for luftige kjernekraftplanar
Plus
Harald Kjelstad lanserer i Firda tanken om kjernekraft i Sunnfjord. Det kan høyrest framtidsretta ut. Men før vi å teiknar reaktorar på kartet, bør vi stille nokre heilt enkle spørsmål.
Det første gjeld Moskog. Området ligg ved Jølstra – eit viktig lakseførande vassdrag som renn frå Jølstravatnet til Førdefjorden. Dette er ikkje ein tilfeldig liten bekk, men eit anadromt vassdrag med lange tradisjonar for både laksefiske og naturbasert bruk. Likevel vert Moskog lansert som mogleg plassering for kjernekraft.
Så kjem det heilt opplagde spørsmålet: Kvar skal kjølevatnet kome frå?
Alle kjernekraftverk treng store mengder kjølevatn. Difor ligg dei aller fleste ved havet eller ved svært store innsjøar og elvar. Skal ein hente kjølevatn frå Jølstra? Skal ein sleppe oppvarma vatn tilbake i eit lakseførande vassdrag? Eller er det berre slik at desse spørsmåla ikkje er tenkte gjennom?
Når ein løftar fram store teknologiske prosjekt, held det ikkje med entusiasme. Ein må også forklare korleis det faktisk skal fungere i praksis.
Det andre spørsmålet er kva naturlege konkurransefortrinn Sunnfjord eigentleg har for kjernekraft. Internasjonalt ligg slike anlegg nær store industriregionar eller tett befolka område med stort kraftbehov. Rundt mange kjernekraftverk finst det omfattande beredskapsplanar og buffersoner.
Sunnfjord er ein flott region – men han er liten innimellom fjella. Folketalet i kommunen ligg rundt 22.000 menneske. Det er langt frå den industrielle og demografiske strukturen ein vanlegvis finn rundt kjernekraftanlegg internasjonalt. Når ein studerer kvar slike anlegg faktisk er bygde, ser ein raskt at skalaen er ein heilt annan enn det vi finn ved Moskog.
Det gjer ikkje ideen meir realistisk at ein berre gjentek ordet «kjernekraft».
Sunnfjord sitt reelle energifortrinn har vore det same i over hundre år: vasskrafta. Ho er regulerbar, utsleppsfri og tett knytt til naturgrunnlaget i regionen. Det er difor kraftsystemet her fungerer. I dei seinare åra har vi også fått vindkraftsom samspelar godt med den regulerbare vasskrafta.
Å plassere ein teoretisk reaktor ved eit laksevassdrag fordi det finst eit industriområde i nærleiken, er derimot ikkje energipolitikk. Det er mest av alt tankespinn.
Dersom kjernekraft ein dag skal bli aktuelt i Norge, må diskusjonen starte med realisme: kjølevatn, lokalisering, industriell struktur og beredskap. Først då gjer debatten meining.
Moskog ved Jølstra er ikkje svaret.
Kjernekraft i Sunnfjord?
Ut mot kjernekraft-ønsket her: – Raserer industrien vår
Sunnfjord næringspark og SMR
– Dette er den neste store sjansen til Førde