Herold

Til våre folkevalde i Sunnfjord kommune

Plus
Kilde: Firda Author: Elida Østergaard Bruland, Iselin Østenstad Thorsen, Thea Grymyr Ljotebø og Marthe Hauge Aase Published: 2026-03-09 10:03:39
Til våre folkevalde i Sunnfjord kommune

Kven tek ansvaret? spør tillitsvalde i omsorgssektoren.

Det har vore mykje snakk om økonomi, innsparing og ROBEK dei siste månadene i Sunnfjord kommune. Men midt i tal, budsjettlinjer og handlingsplanar står vi som jobbar på omsorgssentera – og vi kjenner kvar einaste dag korleis vedtaka slår inn i kvardagen til både pasientar, pårørande og tilsette.

For medan politikarar og kommunalsjefar diskuterer strukturar og innsparingskrav, står vi i frontlinja med ansvaret – men utan mynde og utan rom. Vi skal levere forsvarlege og trygge tenester med stadig lågare bemanning og strammare rammer. Samstundes er det ingen som seier kva vi skal slutte å gjere. Ingen tek ordet og seier heilt konkret: Desse oppgåvene kan de no la ligge, fordi kommunen må spare. Slik blir det vi som må ta desse avgjerdene i praksis, i stressande augeblikk, tett på menneske som treng oss.

Lovpålagde oppgåver – men ingen ekstra tid

Vi har eit klart lovverk å følgje. Helse- og omsorgstenestelova, pasient – og brukerrettighetslova, helsepersonelloven, krav om dokumentasjon, tilsynsplikter, medverknad, fagleg forsvarlegheit – alt dette er vårt ansvar. Det vert ikkje mindre lovpålagt arbeid av at budsjetta vert strammare. Likevel vert vi ståande i eit krysspress: Vi skal levere kvalitet, men har ikkje lenger kapasiteten til å gjere det fullt ut. Når bemanninga er låg, går det ut over tida vi har til måltid, personleg stell, stå - og gåtrening, samtalar, observasjonar og medisinsk oppfølging. Det er desse grunnleggjande tinga som gjer kvardagen verdig for pasientane våre. Vi ser det – og vi kjenner på ansvaret kvar dag når vi må velje kven som skal få ventetid, og kven som får det meste av omsorga akkurat den dagen.

Tilsette som strekkjer seg

I diskusjonen om økonomi er det som om ein gløymer menneske. Det er vi som sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, miljøarbeidarar og assistentar som tek konsekvensane av politikken i kroppen – bokstaveleg talt.

Når det ikkje er nok folk på vakt, må kvar enkelt springe fortare, gjere fleire oppgåver, ta fleire medisinske vurderingar, og vere i fleire krevjande situasjonar samstundes. Dette har ein pris:

· Auka sjukefråvær

· Høgare belastning over tid

· Meir etisk stress

· Meir ansvar utan tilstrekkeleg støtte

· Større slitasje i arbeidsmiljøet

Vi ser det på kollegaer som ikkje lenger orkar. Vi merkar det sjølve når vi kjem heim etter vakt og kjenner at vi har brukt oss sjølve opp. Og vi veit at kommunen allereie slit med rekruttering. Samstundes vert det forventa at vi skal stå i det – utan at nokon seier høgt kva vi ikkje lenger kan og skal levere.

Pårørande og pasientar merkar det

Det mest smertefulle for oss som jobbar i omsorgstenesta, er at innsparingar aldri berre er tal. Dei er menneske. Dei er ho som ventar lenger enn vanleg på hjelp. Dei er han som ikkje får den samtala han treng. Dei er familien, som kjenner at dei må stille opp meir fordi vi ikkje lenger har tid.

Når pårørande hevar stemma si, er det vi som står der og tek imot. Vi deler dei same bekymringane – men vi har ikkje høve til å endre rammene.

Vi ber ikkje om luksus

Dette lesarinnlegget er ikkje skrive for å klage. Det er skrive fordi vi har eit ansvar – ikkje berre for pasientane våre, men for å få fram korleis kvardagen vår er og kva vi kjenner på dagleg.

Det er ikkje lenger samsvar mellom lovpålagde krav, forventningar og ressursane vi får.

Vår bønn til politikarane i Sunnfjord er enkel:

Når kommunen no må spare – sei då tydeleg kva vi skal slutte å gjere. Ta ansvar for prioriteringane. Ikkje legg byrda over på dei av oss som står i førstelinje-omsorga utan reell moglegheit til å velje bort noko. For vi ønskjer å vere der for pasientane våre, for pårørande, for kvarandre og for kommunen. Men då må også kommunen stå opp for oss.

NSF Plasstillitsvalgt Elida Østergaard Bruland Naustdal Omsorgssenter

NSF Plasstillitsvalgt Iselin Østenstad Thorsen Skei Omsorgssenter

NSF Plasstillitsvalgt Thea Grymyr Ljotebø Sande Omsorgssenter

NSF Plasstillitsvalgt Marthe Hauge Aase Førde Omsorgssenter

🏷️ Extracted Entities (2)

Sunnfjord (place) ROBEK (entity)