Oljeprisen til vêrs – NAF krev avgiftskutt på drivstoff
Plus
Medan oljeprisen måndag har passert 100 dollar fatet, fryktar NAF eit langvarig prishopp på drivstoff og krev avgiftskutt.
– Når prisane først går opp, fryktar vi det kan bli langvarig. Vi meiner det er viktig å skjerme bilistane frå skyhøge pumpeprisar. Viss prisane bit seg fast på eit høgt nivå, må avgiftene kuttast, seier pressesjef Ingunn Handagard i NAF i ei pressemelding.
Oljeprisane har den siste veka stige kraftig som følgje av krigføringa i Midtausten. Måndag passerte prisen for eit fat nordsjøolje 100 dollar, og på eit tidspunkt var han heilt opp mot 120 dollar fatet.
Den svenske regjeringa vurderer allereie ulike moglege tiltak i møte med høge drivstoffprisar. Dersom prisen stabiliserer seg rundt 120 dollar fatet, vil dei be om fritak frå EU-reglar for å kunne senke drivstoffavgifter.
Det siste året har prisane på bensin og diesel i snitt lege på rundt 20 kroner per liter, viser SSBs prisoversikt. Den siste veka har prisane passert 25 kroner per liter.
Vegbruksavgifta på bensin er på 3,77 kr per liter, og på diesel er avgifta 2,28 kroner per liter. I tillegg kjem CO2-avgift og moms.
Då prisane steig kraftig som følgje av Russlands invasjon av Ukraina, valde regjeringa ikkje å kutte avgiftene.
(©NPK)
🔗 Related Articles (1)
View Graph