Herold

Meir kniving om jobbane – men er ikkje bekymra for framtida

Plus
Kilde: NH Author: Morten Sæle Published: 2026-03-08 10:12:42
Meir kniving om jobbane – men er ikkje bekymra for framtida

I 2024 kunne Byggteam Vest feira ti år med ordrereserve langt inn i 2025. Når vi no skriv 2026 merkar dei at marknaden har blitt tøffare.

– 2025 var det full køyr heile året. Men i 2026 har vi merka at det har blitt rolegare i marknaden, seier dagleg leiar Tonny André Dale. Han opplever at konkurransen har hardna.

– Vi må jobba hardare for oppdraga enn før. Det er meir kniving om jobbane.

Likevel kan det snu raskt. Nyleg fekk firmaet kontrakt på fem einebustader på Sveåsen, med oppstart i mars.

– Det var ein kjekk ordre for oss.

Byggteam Vest feirer 10 år: Har bestillingar langt inn i 2025

Minusår, men ingen krise

Byggteam Vest har i dag 15 tilsette. Alle har vore i arbeid, men 2025 enda ikkje slik dei hadde håpa.

– Det blei ikkje eit veldig godt år for oss. Vi heldt alle i sving, men det blei eit minusår.

Auka materialprisar og tøffare konkurranse har pressa marginane i byggjebransjen. Når det er mindre å gjera i marknaden, køyrer nokre aktørar prisane langt ned.

– Prisauke og tøffare konkurranse er ei utfordring, seier Dale. Samtidig understrekar Dale at selskapet har kontroll.

– Vi er likvide. Det er ikkje krise.

Han meiner framtidsutsiktene er lyse.

– Eg er ikkje bekymra, seier han med eit smil.

Rehabilitering har roa seg

Byggteam Vest har heilt sidan oppstarten hatt rehabilitering som ein stor del av verksemda. I 10-årssaka i 2024 peika dei på dette som hovudmarknaden.

No har det også endra seg.

– Rehabilitering er den marknaden det har roa seg mest innan. Før var det næringslivet som sleit, medan private hadde det greitt. No ser vi at også privatmarknaden er ramma, seier Dale.

Den siste tida har det likevel kome meir pågang.

– Det verkar som det har losna litt. Vi håpar berre det ikkje kjem ei ny renteauke.

Strategien til Byggteam Vest står uforandra, dei satsar på ein fin miks av nytt og gammalt.

– Vi har hatt jamn og stabil vekst sidan starten, og vil halda fram med det. Vi skal halda posisjonen vår i Nordhordland og Bergen nord, seier Dale.

Satsar vidare på tradisjonshandverk

På eitt felt har dei likevel alltid mykje å gjera: det antikvariske arbeidet.

– Der er det alltid masse å gjera. Det er eit stort etterslep på denne marknaden.

I vår startar dei restaurering av Kvernhuset i Kvamsvågen, som skal førast tilbake til full funksjon. Dei har også vunne anbod på Myking kyrkje, med oppstart utpå forsommaren. Der skal dei mellom anna restaurera vindauge og dører.

Byggteam Vest har sikra seg godkjenningar for antikvarisk arbeid som gjer at dei er blant få aktørar som kan ta slike oppdrag.

– Det gjer det lettare å hanka inn desse jobbane. Og så er vi veldig interesserte i dette arbeidet, seier Dale.

Etterspurnaden etter tradisjonshandverkarar er aukande nasjonalt, og fleire skular har starta utdanning innan faget.

– Alle lærlingane våre får prøva seg innan tradisjonshandverk. Men dei må vera interesserte. Det tek lengre tid enn moderne byggjemetodar, og er ikkje for alle, seier han.

Vil byggja for 240 nye år

For Dale handlar det ikkje berre om marknad og marginar. Kvalitet som varer er eit viktig mantra for verksemda.

– Når vi jobbar med å rehabilitere vindauge som har stått i 240 år, så spør vi: Kvifor har dei halde så lenge? Det handlar om materialkvalitet.

Han trekkjer fram mellom anna variasjonen og utfordringane som sin motivasjon til å driva med antikvarisk restaurering.

– Ingenting er likt. Det handlar om haldbarheit og å bruka dei beste materiala. Å byggja noko som overlever oss, seier han.

Ambisjonen deira er klokkeklar:

– Vi vil laga kvalitet som varer. Gjerne i 240 år til.

Etter meir enn ti år som bedriftsleiar har kvardagen endra seg. Administrasjon og ansvar tek meir plass, men Dale veit godt kva han trivst best med.

– Eg trivst best som handverkar. Eg tek sjølvsagt det administrative som følgjer med, men eg trivst betre med hammaren i handa enn bak tastaturet, seier han med eit smil.

Den gløymde industrihistoria: Då heile Europa ville ha produkta frå Nordhordland

🏷️ Extracted Entities (9)

Byggteam Vest (person) Tonny André Dale (person) Nordhordland (place) Bergen (entity) Europa (entity) Kvamsvågen (entity) Kvernhuset (entity) Myking (entity) Sveåsen (entity)