Herold

Trump med trugsel: – I dag vil Iran verta råka veldig hardt!

Kilde: NRK Author: Silja Björklund Einarsdóttir Published: 2026-03-07 09:21:32 Last updated: 2026-03-07 22:26:37
Trump med trugsel: – I dag vil Iran verta råka veldig hardt!

Laurdag kveld er det synlege eksplosjonar og flammar i Teheran. Ein drone trefte og ein FN-bygning i byen Suleimania i Irak, skriv Reuters.

Saka samanfatta

  • Irans president beklagar til nabolanda etter fleire åtak den siste tida.
  • Donald Trump seier han berre gjer det grunna dei kraftige åtaka frå USA og Israel.
  • Trump varslar nye, store angrep mot Iran laurdag. Samstundes melder statlege iranske medium om større eksplosjonar fleire stader i landet.
  • Iranske styresmakter åtvarar europeiske land mot å blanda seg inn i krigen.
  • Iran-ekspert seier presidenten truleg har svært lite makt over revolusjonsgarden no.

Tre oljelager i Teheran skal vere angripen av Israel laurdag kveld, melder Reuters.

Det har foreløpig kome lite informasjon om angrepa.

Eit oljelager i brann i Teheran.

Tidlegare laurdag varsla USAs president Donald Trump om kraftige angrep mot Iran.

Han skriv på sitt eige sosiale medium Truth Social at USA vil vurdera åtak mot nye område og folk i landet på grunn av «den dårlege oppførselen til Iran».

– Me vil seriøst vurdera total øydelegging og den visse død, skriv Trump.

Fleire åtak laurdag kveld

Trass i at den iranske presidenten Masoud Pezeshkian tidlegare laurdag beklaga overfor naboland dei har angripe den siste veka, har angrepa mot nabolanda halde fram laurdag kveld.

Ein drone trefte laurdag kveld ein FN-bygning i byen Suleimania i Irak, opplyser tryggingskjelder til Reuters.

Det har oogså kome meldingar om eksplosjonar i Dubai i Emirata, Manama i Bahrain og Bagdad i Irak.

Laurdag ettermiddag skal Qatar ha stoppa ein missil som myndigheitene meiner hadde Qatar som mål.

Ein missil på veg mot ein militærbase i Saudi-Arabia skal ha falt ned i eit ubebodd område, skriv Reuters.

Ein person i Dubai skal vere drepen etter at vrakrestar frå ein missil trefte ein bil, melder myndigheitene.

Presidenten bad om unnskyldning

– Eg burde be om unnskyldning til nabolanda som har vorte angripne av Iran.

Det sa Irans president Masoud Pezeshkian i ei utsegn laurdag.

Han sa dei væpna styrkane til Iran gjekk til åtak for å «forsvara vår territorielle integritet».

Ifølge presidenten gav overgangsstyret beskjed til militæret fredag om at dei ikkje skal gjennomføra nye åtak mot nabolanda.

– Frå og med no bør dei ikkje gå til åtak mot nabolanda eller skyta missil mot dei, med mindre me vert angripne frå desse landa. Eg meiner me bør løysa dette gjennom diplomati, seier Pezeshkian vidare.

I ei utsegn frå presidentkontoret laurdag ettermiddag vert det understreka at Iran vil «svara tydeleg» på åtak frå amerikanske militærbasar i regionen, skriv Reuters.

– Om landa i regionen ikkje samarbeider med USA, kjem me ikkje til å gå til åtak mot dei.

USAs president Donald Trump meiner at utsegna kjem på grunn av amerikanske og israelske åtak.

– Iran, som vert banka til HELVETE, har unnskylda og overgitt seg til sine naboar i Midtausten, og lova at dei ikkje skal skyta mot dei lenger. Dette løftet kjem berre på grunn av nådelause åtak frå USA og Israel, skriv han på Truth Social.

Tviler på presidentens makt

Kort tid etter beskjeden frå den iranske presidenten melde styresmaktene i Qatar at militæret deira hadde forhindra eit missilåtak mot landet.

Så har president Mousad Pezeshkian i Iran eigentleg noko makt over kva revolusjonsgarden gjer?

– Nei, det har han ikkje. Enkelt og greitt, seier Eirik Kvindesland.

Han er Iran-historikar og postdoktor ved Det austerrikske vitskapsakademiet i Wien.

Vanlegvis er det øvste leiar i Iran som rår over revolusjonsgarden. Men etter at ayatolla Ali Khameini vart drepen, står landet utan ein øvste leiar.

– Revolusjonsgarden har eigne preferansar og interesser og lyder ikkje berre dei valde styresmaktene, seier Kvindesland.

Kvindesland seier at autoriteten til presidenten også til vanleg er veldig avgrensa.

– Det vart spesielt klart i vekene før krigen. Det var ikkje presidenten som var med og førebudde Iran på krig; det var det nasjonale tryggingsrådet og revolusjonsgarden.

Kvindesland peikar på at det er ei leiarskapskrise i Iran no.

– Den øvste leiaren er drepen og dei skal finna ein ny. Den prosessen drar ut, og israelarane gjer alt dei kan for å sikra at han drar ut endå meir og at krisa vert verre.

Krigen gjer det ekstra vanskeleg å vita kva makt presidenten har over revolusjonsgarden no, meiner Sverre Lodgaard.

Han er seniorforskar emeritus ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– I normale tider, slik det var før den øvste leiaren vart drepen, så ville ei slik avgjerd frå presidenten vore rotfesta hjå øvste leiar. Og han, i sin tur, hadde jo kontroll med revolusjonsgarden.

Åtvarar Europa

Fredag sa viseutanriksminister Majid Takht-Ravanchi til France 24 at europeiske land vil vera «legitime mål» for iransk gjengjelding viss dei sluttar seg til krigen mot Iran.

Han seier vidare at iranske tenestemenn hadde forhandla med USA i god tru før Trump-administrasjonen bestemte seg for å gå til åtak for ei veke sidan.

– Me stolar ikkje på amerikanarane. Ikkje berre forrådde dei oss, men dei forrådde også diplomatiet, seier han.

Irans president Masoud Pezeshkian.

Åtak fleire stader

Ifølge det libanesiske helsedepartementet er 41 menneske drepne i israelske åtak aust i landet, skriv Reuters.

Laurdag ettermiddag har Det israelske militæret (IDF) beordra evakuering i eit område sør for elva Litani i Libanon, skriv Reuters.

Tidlegare laurdag skreiv IDF at dei starta nye, omfattande åtak mot hovudstaden Teheran og storbyen Isfahan.

Det er meldt om åtak fleire stader i Midtausten natt til laurdag.

Statlege iranske medium melder laurdag føremiddag om store eksplosjonar fleire stader i landet, skriv Reuters.

Det iranske nyheitsbyrået Tasnim, som har tette band til den iranske revolusjonsgarden, melder om kraftige luftangrep ved Teherans internasjonale flyplass Mehrabad.

Israelske åtak natt til laurdag råka mellom anna flyplassen Mehrabad. Reuters har jobba for å verifisera videoen. Dei har kome fram til at bygningar, vegar og skilt stemmer overeins med informasjon frå satellittbilete og kart. Dei har ikkje funne teikn på at videoen er publisert tidlegare.

Interessert i utanriksstoff? Høyr redaksjonens podkast:

🏷️ Extracted Entities (36)

Iran (entity) Reuters (entity) Teheran (entity) USA (entity) Donald Trump (person) Masoud Pezeshkian (person) Truth Social (person) Irak (entity) Israel (entity) Qatar (entity) Dubai (place) FN (entity) France 24 (organization) IDF (entity) Mehrabad (entity) Midtausten (entity) Suleimania (entity) Ali Khameini (person) Bagdad (entity) Bahrain (entity) Emirata (entity) HELVETE (entity) Isfahan (entity) Kvindesland (place) Libanon (entity) Litani (entity) Majid Takht-Ravanchi (organization) Manama (entity) Mousad Pezeshkian (person) Norsk (entity) Nupi (entity) Saudi-Arabia (entity) Sverre Lodgaard (person) Tasnim (entity) Wien (entity) Åtvarar Europa (person)

📊 Metadata

Category: Urix, Midtøsten, Iran