Herold

Grasrota med klimaoppgjer i Senterpartiet: – Råkar kjerneveljarane våre

Kilde: NRK Author: Henrik Einangshaug Published: 2026-03-07 07:27:10 Last updated: 2026-03-07 07:51:40
Grasrota med klimaoppgjer i Senterpartiet: – Råkar kjerneveljarane våre

Det er ikkje nok at Senterpartiet sin logo er grøn. No må også politikken bli grønare, meiner fleire i partiet.

Saka samanfatta:

  • Grasrota i Senterpartiet vil at partiet prioriterer grønare politikk og tek eit oppgjer med sin noverande klimapolitikk.
  • Resolusjonsforslag på fylkesårsmøtet i Oppland Senterparti peiker på at manglande tiltak kan føre til alvorlege konsekvensar, som auka utslepp og meir ekstremvêr.
  • Fylkesleiar Marit Sletten understrekar at grøn politikk er avgjerande for å sikre framtida til norsk landbruk og redusere kostnader knytt til ekstremvêr.
  • Frode Rolandsgard, lokallagsleiar i Vestre Slidre Senterparti, meiner partiet har vore for passive i klimadebatten og ønskjer meir konkrete løysingar framfor motstand mot tiltak.
  • Ekstremvêr som «Hans» og «Amy» har ført til store øydeleggingar og høge erstatningskostnader, noko som fleire meiner understrekar behovet for effektive klimatiltak.
  • Miljøpartiet Dei Grøne heiar på grønare initiativ frå Senterpartiet og ønskjer samarbeid om fleire klimatiltak.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Det går mot eit klimaoppgjer i Senterpartiet (Sp).

Fleire meiner partiet er for svake og utydelege i klimadebatten, og etterlyser no skjerpa innsats for klima og miljø.

I eit resolusjonsforslag som denne helga skal stemmast over på fylkesårsmøtet i Oppland Senterparti, tar partiet eit oppgjer med eigen klimapolitikk.

«Ein vil mellom anna skjerme lågtlønte eller næringsliv frå auka kostnader – men konsekvensane kan vere auka utslepp. Senterpartiet må som eit truverdig grønt parti gå i bresjen for effektive klimatiltak. Klimaendringar, tørke og flaum råkar også kjerneveljarane våre i landbruket», står det i forslaget.

– Vi har nok mykje å gå på når det gjeld å få sett ut i livet mykje av den grøne politikken som partiet vårt bygger på, trur eg.

Det seier fylkesleiar for Senterpartiet i Oppland, Marit Sletten, som no vil skapa eit grønare Senterparti før ho trer av som fylkesleiar på årsmøtet.

Tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad, er innstilt som ny fylkesleiar.

Desto raskare vi får bremsa klimaendringane, desto meir mat kan vi få ut i den andre enden, påpeikar Marit Sletten. Bildet er frå eit anna høve.

Frå erstatningskrav til mat

Budsjettpartnar Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) jublar over oppgjeret i grasrota til Senterpartiet.

– At det finst folk i Senterpartiet som ønsker meir og betre klima- og miljøpolitikk visste vi frå før. Eg heiar på alle som vil gjere meir for å ta vare på framtida, seier nestleiar og medlem av finanskomiteen, Ingrid Liland (MDG).

Nestleiar i MDG og medlem av finanskomiteen, Ingrid Liland.

Ho set seg gjerne ned med Senterpartiet for å bli einige om fleire gode klimatiltak.

– Det er spesielt i distrikta at folk vil merke klimaendringane, og framtida til norsk matproduksjon er heilt avhengig av klimahandling. Norske bønder vil få ein mykje vanskelegare kvardag som følge av meir ekstremvêr.

Liland er ikkje i tvil om at det til «sjuande og sist» er lokalsamfunna ute i distriktet det går ut over, får ein ikkje gjort noko med klimaendringane. Noko Marit Sletten er samd i:

– Det er klart at det blir enklare å drive landbruk og dyrke jord desto fortare vi får bremsa klimaendringane. Men det er òg ein fordel for staten, med mindre erstatningar og meir mat ut i den andre enden, seier Opplands fylkesleiar.

Resolusjonsforslaget

Senterpartiet må lyfte eigen klimapolitikk

Senterpartiet må skjerpe innsatsen for miljø og klima, ved å lyfte vår eigen vedtekne klimapolitikk.

Grunngjevinga for å stemme imot ulike klimatiltak er ofte god; ein vil mellom anna skjerme lågtlønte eller næringsliv frå auka kostnader – men konsekvensane kan vere auka utslepp. Senterpartiet må som eit truverdig grønt parti gå i bresjen for effektive klimatiltak. Klimaendringar, tørke og flaum rammer også våre kjerneveljarar i landbruket.

Senterpartiet må lyfte fram og fremje våre eigne, programfesta klimaløysingar, som til dømes omstilling, grønt næringsliv og effektive støtteordningar for næringsliv som vil omstille seg. Vi må gje norsk næringsliv auka konkurransekraft gjennom å stø dei som vil satse på ny teknologi. Andre tiltak kan vere kraftig auka tilskot til ENØK som bergvarme og sol, det kan vera auka omstilling til ny fossilfri teknologi i landbruket og til sjøs, det kan vera auka stønad til eigenproduksjon og desentralisert lagring av straum i hushaldningar, landbruk og næringsliv. Statsstøtta omstilling resulterer ofte i auka konkurransekraft.

Senterpartiet vil:

  • Gje meir støtte til grøn omstilling og dermed auka konkurransekraft for norsk næringsliv
  • Styrke utprøving og etablering av nye ENØK-tiltak
  • Gje landbruket friske midlar for utprøving av nye, fossilfrie teknologiar
  • Opne for avgiftsfritak for bruk av biodiesel
  • Arbeide for auka CO2-avgift på fossil flybensin for utanlandstrafikk
  • Stø utprøving av elektriske fly på kortbanenettet
  • Bruke noko av oljeinntektene for å finansiere naudsynt omstilling – feilling og utprøving av ny teknologi for næringslivet – slik at det ikkje blir landbruket eller anna næringsliv som må bera kostnaden ved omstilling

Forslaget er innsendt av Resolusjonskomiteen

– Komme i bakleksa

Før resolusjonskomiteen kom med forslaget sitt som er nemnt over, kom det fyrst eit forslag som gjekk endå lenger.

Styremedlem i fylkeslaget og lokallagsleiar i Vestre Slidre Senterparti, Frode Rolandsgard, meinte partiet burde ha strekt seg endå lengre.

Han ville mellom anna auke CO₂-avgifta på fossil flybensin for flytrafikken både innanlands og utanlands.

– Eg synest emnet har komme i bakleksa i Sp, spesielt dei siste åra, seier Rolandsgard.

Lokallagsleiar i Vestre Slidre Senterparti, Frode Rolandsgard.

Han er ikkje i tvil om at partiet har vore for passive i klimadebatten. Sjølv trur han ein meir klimafokusert politikk kan hente veljarane tilbake til Senterpartiet.

– På klimafeltet saknar eg at ein i større grad får fram løysingar og ikkje berre kva ein er imot. Dette står i programmet, meiner eg, men retorikken vår må endrast.

Partiet held fylkesårsmøtet sitt 7–8. mars på Gjøvik.

Meir ekstremvêr

Dei siste åra har Noreg, og verda elles, blitt råka av ekstremvêr ei rekke gonger.

I 2023 førte ekstremvêret «Hans» aleine til massive øydeleggingar, og ei erstatning frå staten på over 300 millionar kroner.

Hausten 2025 råka ekstremvêret «Amy» Noreg, der Trøndelag, Vestland, Rogaland og Vestfold blei hardast råka. Ekstremvêret førte til 1,8 milliardar kroner i erstatningar og over 15.000 naturskadar.

– Innlandet er utsett for ekstremvêr med jamne mellomrom, og vi veit at det kjem til å komme hyppigare med klimaendringane, seier fylkesleiar Marit Sletten.

Sjølv er ho ikkje i tvil om at alle er tente med at ein set inn gode tiltak, både dei som bremsar klimaendringane, og dei som bidrar til å tilpasse Noreg for framtida.

🏷️ Extracted Entities (28)

Senterpartiet Sp (person) Fylkesleiar Marit Sletten (person) Oppland Senterparti (person) Vestre Slidre Senterparti (person) Amy (entity) Frode Rolandsgard (person) Klima og miljø 📁 (category) Landbruk 📁 (category) Luftfart 📁 (category) Noreg (entity) Norge 📁 (category) Politikk 📁 (category) Senterpartiet 📁 (category) Budsjettpartnar Miljøpartiet Dei Grøne MDG (organization) ENØK (entity) Hans (entity) Ingrid Liland MDG (organization) CO2 (entity) CO₂ (entity) KI (entity) Kjersti Bjørnstad (person) Klima (entity) Miljøpartiet Dei Grøne (person) OpenAI (entity) Rogaland (place) Trøndelag (entity) Vestfold (entity) Vestland (place)

📊 Metadata

Category: Klima og miljø, Senterpartiet, Politikk, Norge, Landbruk, Luftfart