Sende permitteringsvarsel - no blir det likevel CO₂-fritak for fiskebåtar i utanriksfart
Omstridd CO₂-avgift er på nytt sett på vent etter budsjettforliket laurdag kveld.
Sende permitteringsvarsel
Fryktar for næringa i Finnmark
Frå 1. juli innførte regjeringa ei ny avgift, og då blei det ramaskrik.
Etter berre nokre dagar snudde regjeringa.
Og seint i går kveld blei avgifta på nytt sett på vent.
– Svært gledeleg, seier Audun Maråk i Fiskebåt.
Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt har blitt samde om eit budsjettforlik som inneber at CO₂-fritaket for fiskebåtar i utanriksfart blir vidareført.
Audun Maråk i Fiskebåt er svært godt fornøgd med forliket som blei inngått seint laurdag kveld.
Fleire selskap fortalte til NRK at dei nye reglane [gjorde at dei heller reiste til Shetland for å fylle.](http://– Det er bra at myndigheitene har innsett galskapen i dette. Det gir ikkje meining å innføre eit miljøtiltak som fører til større utslepp, seier Kjell-Gunnar Hoddevik. Han er skipper og dagleg leiar av reiarlaget Atlantic Seafish i Ålesund. Han er éin av mange fiskebåtreiarar som det siste året har spart utgifter ved å fylle drivstoff i utanlandske hamner – der CO2-avgifta er null.)
Gaute Vorren, som er dagleg leiar i energiselskapet MH Service fortalte tidlegare i år at han hadde sendt permitteringsvarsel til tre tilsette.
Årsaka var at fleire båtar avbestilte dieselfyllinga etter at avgifta blei innført.
– Fantastisk, det ser eg veldig positivt på. For ein gangs skuld tenkjer ein fornuftig, seier han til NRK søndag morgon.
Tidlegare har fiskefartøy hatt fritak for avgift dersom dei er registrerte som «skip i utanriksfart».
Ordførar i Sør-Varanger, Magnus Mæland (H), er ein annan som har vore sterkt kritisk til endriga. Han frykta for næringa i Finnmark, og meiner dette vil påverke heile Finnmarkskysten.
– Vi mistar ein heil verdikjede. Det som er eit pennestrøk frå Finansdepartementet, gjer at vi kan miste arbeidsplassar og moglegheita til å få bunkers til båtane våre, sa han tidlegare i år.
Magnus Mæland er ordførar i Sør-Varanger.