Herold

Slik trassar du frykta som Team Pølsa

Kilde: NRK Author: Andrea Holm Tanderø Published: 2026-03-08 09:44:49
Slik trassar du frykta som Team Pølsa

Når hovudet ditt fortel deg at noko er farleg og skummelt, kva gjer du?

Å trasse frykta

Erik Damsgård Tomter (15) har eigentleg bestemt seg.

– Dette blir eg ikkje med på, seier han.

Han ser bort på lina. Den er strokken over ei veldig brusande elv. Vatnet slår hardt mot steinane under han.

Å køyre zipline ned der? Det skjer ikkje.

I episode to av Team Pølsas andre sesong blir Erik og teamet utfordra på mot. Mot til å kaste seg ut i det ukjente.

Kaos i hovudet

Det er Eriks tur til å køyre zipline, men han har eit skikkeleg kaos i hovudet. Han sit klar til å køyre, men det er ein ting som held han tilbake.

Frykta. Han er redd.

– Eg er redd for alt som kan gå gale, og at eg kan skade meg. Det er sånn eg alltid tenker, seier Erik.

Erik veit at han bør bli flinkare til å ikkje tenke sånn. Han vil klare meir sjølv.

Laget hans heiar på han.

– Du klarer det, Erik, roper Alva.

Det får Erik til å tenke.

Uforgløymeleg augeblink

Han tenker på laget sitt. På Alva, som er svaksynt. Ho kunne berre høyre drønninga frå elva, som høyrdest gigantisk ut idet ho kasta seg ut i det verkeleg ukjente.

Erik bestemmer seg. Alva gjorde det, da skal han gjere det òg.

Sjølv om han er redd.

Erik køyrer zipline.

Han kastar seg ut mot vatnet, og han fell ikkje ned. Han blir hengande. Alt han var redd for, skjedde ikkje. Det var jo berre gøy.

– JA BABY, seier han idet han suser over vatnet.

Den augeblinken kjem han aldri til å gløyme. Han klarte det.

Slik blir du betre på å tore

– Vi har alle noko å lære av Team Pølsa, seier mentaltrenar Mariann Deila.

Ho fortel at å trasse frykt kan vere alt frå å køyre zipline til å prøve ein gruppetime, begynne på eit kurs, søke ny jobb eller snakke i forsamlingar.

– Om ein alltid held seg sjølv tilbake fordi ein er redd, så går ein glipp av mange moglegheiter til å utvikle seg, seier ho.

Her er Marianns fire tips for å tore litt meir:

Finn dei gode grunnane

Finn ein kjenslemessig grunn til å prøve.

Kanskje du kjem i betre form, eller kjenner meistring om du prøver? Finn ut kvifor det er viktig for deg.

– Du vil ikkje bli gammal og angre på alt du ikkje gjorde da du hadde moglegheita, seier Deila.

Er det farleg?

– Det er heilt normalt å kjenne på frykt, seier Deila.

Frykt er kjensla som vernar oss mot fare, men ofte blir vi redde sjølv om noko ikkje er ein reell trussel. Tenk deg litt om. Er det eigentleg farleg?

Senk forventningane

Om du har veldig høge forventningar til deg sjølv, blir terskelen for å prøve ting mykje høgare.

Hugs at å prøve nye ting er ein prosess. Du må øve for å bli komfortabel, og gjer kanskje feil før du får det til!

Hugs at du veks

Det er heilt naturleg å unngå ubehagelege ting, og det er hjernane våre veldig gode på.

Tenk: Nå er eg utanfor komfortsona mi. Eg er i vekst. Det er grunnen til at eg kjenner på frykt.

– Idet du begynner å tenke sånn om nervane dine, blir det mykje lettare å tole dei, seier Deila.

Tør du å gjere som Erik? Har du mot til å trasse frykta?

🏷️ Extracted Entities (5)

Erik Damsgård Tomter (person) Team Pølsa (person) Mariann Deila (person) Alva (entity) JA BABY (organization)

📊 Metadata