Herold

Ein person antatt omkommen etter brann på gard i Levanger

Kilde: NRK Author: Sunniva Skurtveit Published: 2026-03-08 11:36:01 Last updated: 2026-03-08 18:02:17
Ein person antatt omkommen etter brann på gard i Levanger

Ein mann i 50-åra er antatt omkommen etter brannen. Ein mann i 60-åra er sendt til sjukehus med brannskadar.

Ein mann er sakna og antatt omkommen etter brann på ein gard i Levanger, sier politiet.

I tillegg har ein person blitt skadd i brannen.

Garden ligg i Levanger kommune i Trøndelag.

– Ein person har fått brannskadar og blir frakta til St. Olavs hospital med luftambulansen.

Det seier operasjonsleiar Martin Skjerve i Trøndelag politidistrikt.

Dei pårørande er varsla.

Låven er heilt nedbrent.

Låven er nedbrent

Det var klokka 11.39 at politiet fekk melding om brann på ein gard i Levanger.

– Det var ein nabo i området som ringte 110-sentralen og så trippelvarsla dei vidare til politiet og helsevesenet, fortel operasjonsleiaren.

Rundt klokka 12 var dei på staden og meldte om at låven på garden var overtent.

– Låven var såpass overtent at det ikkje var noko å berge der. Så han må berre brenne ned, seier operasjonsleiaren.

OVERTENT: Naudetatane fekk inn melding om ein overtent låve på ein gard i Levanger kommune.

– Brannvesenet har no meldt om at dei har såpass kontroll at det ikkje er fare for nærliggande bygg, legger Skjerve til.

Klokka 14.23 melder brannvesenet at dei har kontroll på brannen.

Det skal ifølge brannvesenet ikkje ha vore dyr i låven.

Klokka 16.55 skriver politiets operasjonssentral at de forstsatt jobber på brannåstedet.

Skal undersøke branntomta

Innsatsleiar på staden Per Henrik Bykvist fortel at brannvesenet er på staden og driv med ettersløkking av brannen.

– Når branntomta er kald nok vil me gjere kriminaltekniske undersøkingar i branntomta. Men det skjer nok ikkje i dag, slik varmeutviklinga er, seier Bykvist.

– Kva er årsaka til brannen?

Det må me kome tilbake til, svarar innsatsleiaren.

Per Henrik Bykvist er innsatsleiar på staden.

🏷️ Extracted Entities (11)

Levanger (entity) Brann 📁 (category) Branner i Trøndelag 📁 (category) Levanger 📁 (category) Norge 📁 (category) Per Henrik Bykvist (person) Politisaker (Trøndelag) 📁 (category) Trøndelag 📁 (category) Martin Skjerve (person) Trøndelag (entity) St (entity)

📊 Metadata

Category: Trøndelag, Branner i Trøndelag, Levanger, Politisaker (Trøndelag), Norge, Brann