Skiskyting: Sturla Holm Lægreid vann fellesstarten – Isak Leknes Frey opplevde dramatikk
Sturla Holm Lægreid var feilfri på standplass. Bak i feltet opplevde Isak Leknes Frey alle skiskyttarars mareritt.
– Eg har aldri sett Lægreid på så høgt nivå før, seier TVs ekspert Ole Einar Bjørndalen.
Med feilfri skyting knuste Sturla Holm Lægreid konkurrentane på fellesstarten i Kontiolahti.
Han tok også sin første verdscupsiger for sesongen. Franske Éric Perrot tok andreplassen, medan Vetle Sjåstad Christiansen tok tredjeplassen.
Ekspertane sparar ikkje på superlativa:
– Det er eit fantastisk løp, den skyteforma, det nivået han leverer. Det er den beste presisjonsskytinga i Noreg, seier NRKs ekspert Ola Lunde
Medan Lægreid unngjekk drama på standplass, gjekk det langt meir hektisk føre seg lenger bak i feltet.
Marerittstart
For heilt bakarst, under den første runden, hadde Isak Leknes Frey store problem med å halde følge.
Etter kvart kunne ein sjå at kolben på våpenet var knekt.
– Han var involvert i eit uhell. Kolbekappa knakk. Han måtte dessverre ha reservevåpen, sa trenar Sverre Huber Kaas til TV 2.
– Eg trur eg hekta i snøen, og trur det var min eigen feil. Det er fint at det er eigen feil når det først går gale. Eg trynar og trur det går greitt, men kjenner noko henge bak der og då var våpenet knekt. Det var kjedeleg, seier Frey til NRK.
– Veit ikkje om eg skal le eller grine
Frey fekk eit reservevåpen på matta, men blei liggande å skru medan dei andre kunne gå ut av standplass.
– Eg trudde eg skulle klare å skyte med reservevåpenet der, men det er ikkje verdas beste våpen me har der på standplass. Eg såg ingenting i sikte og det blei vanskeleg å skyte så det blei vel ni eller ti bom, seier Frey.
– Han må jo stille på siktet. Det er eit fellesvåpen. Han bommar. Det er køyrt, sa TV2s ekspert Ole Einar Bjørndalen.
RESERVEVÅPEN: Isak Leknes Frey fekk reservevåpen på første skyting.
Frey måtte gå fire rundar i strafferunden etter første skyting, og fekk totalt ni bom. Ungguten gjekk i mål over sju minutt bak Lægreid.
– Eg tenkte jo på å stoppe, men så er det ein liten utfordring å skyte med reservevåpenet. når ein har moglegheita. Eg hadde litt trua på at eg kunne skyte meg inn, men eg veit ikkje om eg skal le eller grine uti der. Eg gjekk og kosa og fant ein komfortabel fart til å følge med på løpet, seier Frey.
– Stanga litt
Lagkompis, Johan-Olav Botn som tok fjerdeplassen, har medfølelse for 22-åringen.
– Eg synest veldig synd på Isak. Alle veit kva han har inne, og han har stanga litt mot veggen i år. Det er tungt når det skjer nesten over ein heil sesong. Og så blir det her på grensa til tragikomisk, seier Botn til NRK.
Frey var med til OL som reserve, og måtte sjå meisterskapet frå sidelinja.
– Eg er ikkje glad for all del, eg har jo lyst å vise meg fram etter OL. Men når det går så dårleg er eg jo skuffa, men det er også litt latterleg å gå rundt der så langt bak. Eg prøvde berre å gjere det beste ut av det på slutten, fortel Frey.