Dette er supertrioen sine eigne kalenderfavorittar
Dei fyller skjermen din frÄ 1. desember med nye karakterar. Men kva er deira eigne favorittar frÄ nesten 50 Är med julekalender pÄ TV?
Nordisk TV-tradisjon
Skapte eigen tradisjon
Julekalendarar pÄ TV i Är
Skummel type pÄ TV
Ber arven vidare
Trudde det var ekte
«Nissene pÄ lÄven»
Les ogsÄ
Slik skapar Flesvig nye karakterar: â Eg legg merke til folk eg ser
Nissene i skjul
Den svenske serien «Titteliture» hadde premiere 27. november 1960. FÞr dette hadde svenskane sendt julekalender pÄ radio sidan 1957.
Noreg (NRK): Den fyrste norske TV-julekalenderen var «Jul i Skomakergata», som hadde premiere i 1979.
Danmark (DR): Danmark starta sin TV-julekalender-tradisjon tidleg pÄ 1960-talet, med «Historier fra hele verden »i 1962.
Humortrioen Herman Flesvig, Kevin VÄgenes og Mikkel Niva er aktuelle med fÞrste sesong av «Nissene i skjul» i NRK TV frÄ 1. desember.
Der spelar dei ei rekkje ulike karakterar i eit ellevilt nisseunivers.
Men nÄr vi spÞr dei om kva dei sjÞlv sÄg pÄ som barn, kjem nostalgien fram.
â Eg har sterke minne frĂ„ «Amalies jul», den var eg veldig glad i, seier Herman Flesvig.
Komikaren legg ikkje skjul pÄ at han som barn ogsÄ elska «Jul i BlÄfjell», serien som blei sendt pÄ NRK fÞrste gong i 1999.
â Det var hyggeleg dĂ„ vi var smĂ„, og det som kanskje ĂČg var hyggeleg med det, var at dĂ„ var det ikkje sĂ„ mykje anna Ă„ sjĂ„ pĂ„, seier Flesvig.
Susanne PalgÄrd blei kjend for heile Noreg i rolla som Turte i «Jul i BlÄfjell».
Medan deira nye serie «Nissene i skjul» er ellevill karakterdriven humor, har ofte kalenderseriane vore mest for barn.
Mikkel Niva har gode minner frÄ den tida.
â Det er veldig koseleg Ă„ ha noko du kan sitje og sjĂ„ pĂ„, og fĂžlgje gjennom sĂ„nne mĂžrke tider.
SjĂžlv har han og kona skapt sin eigen julekalendertradisjon.
â Fram mot julaftan ser vi alle Harry Potter-filmane, det er har blitt ein tradisjon at vi ser dei gjennom desember, fortel Niva.
NRK TV:
«Nissene i skjul», NRK TV og NRK1
«StjernestÞv», reprise fra 2020
«GjÞr det sjÞl», NRK Super
«Trolltider», NRK Super
TV 2 / TV 2 Play:
«AsbjÞrns Julekalender» (Sesong 3)
«Tinka og sjelens speil», dansk fantasyserie
«Vazelina Hjulkalender» (fÞrste gong sendt i 2000)
TVNorge / HBO:
«Nissesvingen» (reprise frÄ 2024)
«Jul i Blodfjell» (fÞrste gong sendt i 2017)
Dei tre komikarane er samde om at den norske julekalender-tradisjonen er bÄde viktig og bra, uansett om seriane er retta mot barn eller vaksne.
â Den fĂžrste eg hugsar at eg sĂ„g pĂ„ var «The Julekalender», seier Kevin VĂ„genes.
For han â og tusenvis av andre â var sĂŠrleg figuren nĂ„sĂ„en ein skummel karakter. Denne zombieliknande typen som var pĂ„ jakt etter nissane.
â Men eg mĂ„ jo ha sett barneseriar fĂžr det, seier VĂ„genes og ler.
Erling Mulius (t.v) spelte rolla som nÄsÄen Benny i TV 2 sin legendariske «The Julekalender». Tore Johansen. spelte rolla som Gjertrud, Ivar Gafseth rolla som Olaf.
NĂ„r dei tre no gĂ„r pĂ„ skjermen med «Nissene i skjul», er det med solid arv frĂ„ Espen Eckbo og Kristian ĂdegĂ„rd.
Dei skapte «Nissene pÄ lÄven» i 2001 og serien har gÄtt sin sigersgang bÄde i originalversjon og med ulike oppfÞlgarar dei siste tiÄra.
DÄ NRK snakka med Eckbo om dette tidlegare i haust, fortalde han at han gler seg til Ä sjÄ den nye serien «Nissene i skjul».
â Det er jo ei blanding av stoltheit og skrekk, pĂ„ ein mĂ„te. Men eg gler meg til Ă„ sjĂ„ serien, sa Eckbo.
Siw Anita Andersen i rolla som Synne i «Nissene pÄ lÄven» er favoritten til Kevin VÄgenes.
For Herman Flesvig var «Nissene pÄ lÄven» ei heilt spesiell oppleving dÄ han sjÞlv var barn.
â Eg forstod ikkje at det var skodespelarar, sĂ„ eg tykte det var heilt vilt at dei slĂ„st pĂ„ TV, seier Flesvig lattermildt.
No gler han seg til at publikum fÄr sjÄ det han og dei andre komikarane har skapt gjennom «Nissene i skjul».
â Eg hĂ„par at folk ler og kosar seg med det. Vi har ikkje halde igjen pĂ„ noko, vi har berre «gĂžnna» pĂ„ med vi synest er gĂžy.
- Julekalenderseriar er ein djupt rotfesta og kjĂŠr skikk i heile Norden, og det er faktisk Sverige som vert rekna som opphavslandet.
- Medan Noreg, Sverige og Danmark er dei som kanskje er best kjende for produksjonen av Ă„rlege kalenderseriar, er tradisjonen ĂČg til stades i bĂ„de Finland (Joulukalenteri) og pĂ„ Island (JĂłladagatal)
- Den svenske serien «Titteliture» hadde premiere 27. november 1960. FÞr dette hadde svenskane sendt julekalender pÄ radio sidan 1957.
- Noreg (NRK): Den fyrste norske TV-julekalenderen var «Jul i Skomakergata», som hadde premiere i 1979.
- Danmark (DR): Danmark starta sin TV-julekalender-tradisjon tidleg pÄ 1960-talet, med «Historier fra hele verden »i 1962.