Foreslår at kommunen sjølv bestemmer utvida skjenketid under fotball-VM
Plus
Levekårsutvalet i Vaksdal har teke til orientering ei høyring frå Helse- og Omsorgsdepartementet om utvida skjenketider. Men det vart litt diskusjon då saka vart behandla.
Helse- og omsorgsdepartementet har sendt eit forslag på høyring om mellombels endring i alkohollova. Mesterskapet i USA, Canada og Mexico i sommar gjer at mange kampar går seint om natta norsk tid på grunn av tidsforskjellen.
Departementet foreslår at kvar enkelt kommune sjølv får bestemma om dei vil utvida skjenketida. Unntaket skal berre gjelda for øl og vin, og berre på stader som viser kampane direkte for gjestene.
Tenkjer det kan skapa presedens
Under handsaminga i utvalet kom det fram ulike syn på forslaget. Utvalsrepresentant Lars Bjarte Nesheim (KrF) kommenterte med eit glimt i auga at det verkar som om fotball er så kjedeleg at ein ikkje kan sjå kamp utan promille.
- Eg ser for meg at det er best å halda seg til dagens reglement, og tenker at ei slik midlertidig løyve kan skapa presedens, sa Nesheim.
Sjølv om KrF-representanten uttrykte skepsis til å endra reglane, varsla han ikkje at han ville motseie seg dette i ein høyringsuttale. Departementet skriv på si side at unntaket ikkje er meint å skapa presedens for seinare anledningar.
Arnstein Langhelle frå Sp var ikkje heilt einig med Nesheim, og meinte at ein må kunna sjå mellom fingrane, ved denne anledninga.
Kommunestyret avgjer
Sjølv om utvalet no har sett på saka, er det kommunestyret som sit med den endelege avgjerda. Kommunestyret må eventuelt vedta om utestader i Vaksdal skal få skjenka alkohol lengre enn til klokka 03.00 i perioden mellom 11. juni og 19. juli.
Departementet peikar på at kommunane må vurdera belastninga på politi og helsevesen dersom folk oppheld seg lengre i gatene. Det blir òg trekt fram at naboar til serveringsstader kan bli utsett for meir støy enn vanleg.
Høyringsfristen for kommunen er sett til 13. mars 2026.