8. mars - ein dag er ikkje nok
Plus
PÄ den internasjonale kvinnedagen, 8.-mars, har det vore mange arrangement som har sett sÞkelys pÄ kvinner sin situasjon, bÄde nasjonalt og internasjonalt. Men for Ä oppnÄ full kvinnefrigjering, dvs. slutt pÄ all ekstra utbytting av kvinner, mÄ det kjempast kvar einaste dag i Ära framover.
Kvinner utgjer fleirtalet som held hjula i gang i helse, omsorg, oppvekst og handel men mĂžter framleis systematiske forskjellar i lĂžn, stillingsstĂžrrelse og Ăžkonomisk tryggleik. Mange jobbar ufrivillig deltid og fĂ„r lĂ„gare pensjonsopptening som konsekvens. Dette er ikkje naturgitt â det handlar om kvinneundertrykkande politiske prioriteringar.
Raudt meiner vi treng eit krafttak for heiltidskultur, betre grunnbemanning og ei lÞnsutvikling som faktisk verdset kvinnedominerte yrke. MÄlet om 6 timars arbeidsdag mÄ ikkje skrinleggast, slik andre parti har gjort. Eit rettferdig arbeidsliv krev faste stillingar, trygge vilkÄr og aktiv kamp mot diskriminering og trakassering.
Likestilling og slutt pĂ„ all utbytting av kvinner, handlar om meir enn ord â det handlar om Ăžkonomisk fridom og reell makt over eige liv. Derfor vil Raudt setje ei radikal forbetring av kvinnelege arbeidstakarar sine vilkĂ„r hĂžgt pĂ„ den politiske dagsorden.