Snart kan du sletta denne – billettane du har blir ikkje overførte
Plus
Om få dagar slepp du å bruka tre forskjellige appar for å bruka kollektivtransporten til Skyss.
Den nye appen får ganske enkelt namnet Skyss*.*Får 9. mars slepp ein å bruka både «Skyss Billett», «Skyss Reise» og «Skyss bestilling».
– Endringa vil påverka kollektivbrukarar i heile Vestland, inkludert i kommunar der Skyss tilbyr bestillingstransport, skriv Skyss i ei melding til alle kommunar i Vestland.
Om du har appen Skyss Reise frå før av, vil den automatisk oppdatera seg til den nye appen i løpet av dei neste to vekene. Om du brukar iPhone kan du velja å lasta ned appen sjølv.
I den nye appen vil ein nå kunne både betala og planlegga reisa si.
Skyss skriv vidare at ein kan bruka den gamle billett-appen i ei stund til. Dette er for å leggja til rette for dei som har gyldige billettar på den gamle appen.
Til liks med eventuelle gyldige billettar, får ein heller ikkje flytta opparbeidd reiserabatt frå den gamle til den nye appen.