Herold

No er dei nominerte klare. Sjå kven som kan bli «årets eldsjel» og «årets pådrivar»

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-03-07 17:01:00
No er dei nominerte klare. Sjå kven som kan bli «årets eldsjel» og «årets pådrivar»

Vinnarane blir kåra under «Triogallaen» 21. mars, og folk kan stemma fram til tysdag 10. mars.

Som tidlegare omtalt skal kommunen sitt største idrettslag feira 80-årsjubileet med storslått gallakveld i Kulturhuset Husnes 21. mars.

Forutan årsmøte, standup med Are Kalvø og gallamiddag, skal «årets eldsjel» og «årets pådrivar» i idrettslaget Trio kårast denne kvelden.

Ut frå innsende nominasjonar er no tre personar valt ut i kvar av dei to ulike kategoriane. Folk kan stemma på kven dei meiner fortener prisane via eit eige, digitalt skjema fram til 10. mars.

Desse er nominerte til «årets eldsjel»:

Are Ulseth:For sitt store engasjement i friidrettsgruppa, deriblant med Løveleikane for personar med nedsett funksjonsevna

Anneli Rønstad:For sitt gode engasjement for turngruppa som heilskap, som mangeårig trenar og fasilitør

Jamal Soosainather: For sitt flotte engasjement i fotballgruppa, både som trenar og organisator for alle treningsfelta og kampoppsetta innanfor fotballen

Desse er nominerte til «årets pådrivar»:

Svein Røyrvik: For sitt flotte engasjement i Trio via ulike verv. No særleg som primus motor i onsdagsgjengen samt i nemnda for ny symjehall og tidtakarbu på stadion

Sille Tars:For sitt gode engasjement for volleyballgruppa, som trenar gjennom mange år, og som fasilitør for nye stemne og samlingar

Espen Lillesand: For sitt store engasjement for fotballgruppa, både som trenar for jente- og gutelag, aktiv i styret og ansvarleg for ungdomsavdelinga

🏷️ Extracted Entities (5)

Trio (entity) Are Kalvø (person) Kulturhuset Husnes (person) Løveleikane (entity) Triogallaen (entity)