Tunellen i Austrepollen kan bety kroken på døra for desse bøndene: – Eg har aldri følt meg så verdilaus
Plus
Verken Knut Inge Øvrehus eller Grethe Hesvik kjenner seg høyrde i prosessen med poll-til-poll-tunellen i Mauranger. Med forslaget som no er på høyring, vil dei mista grunnlaget for å driva gard slik dei gjer i dag.
– Dei går i all slags terreng. Det er ein eigenskap som trengs i desse trakter, seier Knut Inge (57) om dei staute dyra han har gåande langs fylkesveg 49 i Mauranger.
Ved den nord-austlege innfallsporten til Kvinnherad, der køyrande kjem ut av Folgefonntunnelen og inn i Austrepollen, blir ein møtt av mektige fjellsider, ein blank fjordarm og 13 sjarmerande skotske høgfjellsfe. Dei skil seg frå norsk raudt fe, den mest dominerande kurasen i Noreg, med sine lange lokkar og horn.
– Landbruket er no éin ting – med tanke på kva det gir av kjøt – men beitande dyr langs vegen gjer det òg kjekkare for alle å bu og ferdast her, meiner Knut Inge.
Han og kona overtok familiegarden på tunet Øvrehus i Austrepollen i 2018. Foreldra hans begynte å dra på åra og ingen av dei to brørne til Knut Inge hadde lyst til å driva bruket vidare.
– Eg tenkte at det er for gale å la ein gard frå 1795 gro att, fortel han frå godstolen i den lafta einebustaden som utgjer det eldste bygget på tunet.
Tunelltrussel
Høglandsfe i Austrepollen
57-åringen er ingen heiltidsbonde. Faktisk gjer han alt arbeidet på fritida.
Knut Inge jobbar nemleg til dagleg som operatør på settefiskanlegget til Eide Fjordbruk i Sunndal. At han vel å ha dyr skuldast lidenskapen for bondelivet og eit sterkt ønske om å halda landskapet i hevd.
Romantikken i Austrepollen er derimot i ferd med å bli forstyrra.
– Eg visste at tunellen ville koma, men eg var 100 prosent sikker på at den ville koma lenger oppe. At dei ville gå for det eg meiner er den beste løysinga, seier Knut Inge, og siktar til reguleringsplanen for ny fv. 49 mellom Austrepollen og Nordrepollen som i desse dagar er ute på offentleg høyring.
Fristen for å koma med innspel til planen, som involverer den mykje omtalte poll-til-poll-tunellen, er 12. mars.
– Tragisk
Gjeldande forslag til tunellpåhogg i Austrepollen er midt i det største beitearealet til Knut Inge sine kyr. Forslaget råkar òg store delar av den dyrka marka hans.
– Eg vil mista kring 16 mål med innmark, fortel bonden.
Terrenginngrepa i form av tunellportal, skredvoll, ny rundkøyring og meir veg riv vekk grunnlaget for dyrehaldet til Knut Inge. Det vesle landbruksarealet han har, er ikkje stort meir enn det han må ha for å kunna driva med berekraftig kjøtproduksjon.
– Eg kan ikkje berre ha to kyr gåande. Lønsemda vil ikkje stå i stil til arbeidet, seier Knut Inge, som ikkje ser andre alternativ enn å legga ned drifta dersom tunellen kjem der den er planlagt å koma.
– Det er tragisk å tenka på, særleg når ein veit kor lenge denne garden har vore i familien.
Ikkje gehør
Knut Inge og kona har fem barn til saman, og håpet er at eitt av desse i framtida vil ønska å føra tradisjonen med gardsdrift vidare.
– Men det er lite truleg at nokon vil overta eit bruk som ikkje har areal til dyr. Dessutan er det ein grunn til at ein vel å busetta seg på landet, ein ønsker jo den stilla og roa som er her. Når tunellen kjem så tett på bygda som det er skissert, vil vi merka støyen den medfører.
57-åringen understrekar at han på ingen måte er imot ein poll-til-poll-tunell.
– Sjølvsagt trengs det ein tunell. Den burde ha vore laga for lenge sidan, seier Knut Inge, som derimot er ueinig i plasseringa av påhogget på austsida av fjellet.
Alt i fjor vår lanserte han eit forslag til løysing som han meiner vil skåna dei beste jordlappane hans, og dessutan bygda for støyen som tunellen og den auka trafikken vil gi. Det er eit forslag som likevel inneber å gi frå seg land, men det gjer han gledeleg for å kunna halda fram som bonde og ikkje minst for å unngå det han spår vil resultera i eit stort verditap på eigedommen sin.
– Svaret eg har fått frå fylket er at forslaget ikkje er gjennomførbart fordi avstanden mellom Folgefonntunnelen og den nye rundkøyringa blir for kort, hevdar Knut Inge, som meiner at styresmaktene ikkje har tatt seg bryet med å utforska moglegheitene tilstrekkeleg.
«Slik det framstår no, verkar det som at prosjektet i større grad er styrt av tekniske tunellkrav enn av omsyn til lokalsamfunn, berekraft og miljø», skriv Knut Inge i det siste høyringssvaret sitt, der han ber om at alternativ J, som fylket tidlegare vraka grunna risiko knytt til geotekniske forhold, blir vurdert på nytt.
Dette alternativet inneber påhogg nærmare utløpet av Folgefonntunnelen.
– Kan bety kroken på døra
Knut Inge får støtte av nabo og «bondekollega» Grethe Hesvik (45).
– Kor ofte møter ein på ein grunneigar som kjem med eit kjempeforslag og som er villig til å avstå grunn? seier ei undrande Grethe, og kikar bort på naboen sin.
Geitehald i Austrepollen
Til liks med Knut Inge mistar også Grethe delar av landbruksarealet sitt til den foreslåtte tunellen.
For Grethe, som er bonde på heiltid, kan konsekvensane bli store. Ho uroar seg likevel ikkje berre for sin eigen del, men for heile bygda som i tillegg til å få det store vegprosjektet tett på, også vil måtta tola andre inngrep som Statnett og Statkraft planlegg i området.
– Kva blir igjen av Austrepollen? Eg er så deprimert av det vi blir råka av. Eg har ingenting positivt å seia, sukkar 45-åringen som har overtatt garden ho vaks opp på, der ho i dag har 90 mjølkegeiter, ein mindre saueflokk, to hestar, to kattar og ein hund.
Dottera på tolv elskar bondelivet og viser stor interesse for ein dag å ta over. Det gjer også dei to eldste døtrene, som begge bur på Voss. 17-åringen studerer agronomi, 20-åringen er allereie agronom og held for tida på med vidareutdanning.
– Eg er i ein luksussituasjon som har barn som ønsker å overta drifta etter kvart, men no må eg kanskje ta ein prat med dei. Tunellplanane kan bety kroken på døra for drifta mi.
Gjorde millioninvestering
I 2020 tok Grethe eit val om å verkeleg satsa stort på geit.
– Eg hadde framtidsplanar og bygde ny løe til fire millionar kroner, mykje grunna døtrene mine. I dag angrar eg på det, for er det noko framtid for vidare drift her? spør bonden.
Ho fortel at ho med gjeldande forslag til tunellpåhogg vil mista jordlappen sin på nedsida av fylkesvegen, den som fungerer som vår- og haustbeite for sauane og som ho haustar mat til dyra frå i slåtten. Anleggsarbeidet vil i tillegg bandlegga ein større del av den fulldyrka marka tett på garden.
– Det er ikkje mykje areal vi blir fråtatte, men for oss som driv gard er det veldig mykje. Den marka du ser her, den klamrar vi oss til, seier Grethe.
Sauehaldet – som i stor grad involverer bevaring av den verneverdige rasen dalasau – vil truleg ta slutt dersom poll-til-poll-tunellen kjem der den er tenkt.
Fryktar verditap
Det er ikkje sauane Grethe hentar næringsgrunnlaget sitt frå, men også geitehaldet står i fare. Bakkane Grethe står att med når arbeidet med tunellen tar fatt, er ikkje nok til å brødfø dagens besetning. Å redusera den er ikkje eit alternativ.
– Klarar ti mjølkegeiter å betala ned hus og heim? spør ho.
Grethe, som mjølker geitene sine to gonger til dagen, kan heller ikkje berre flytta dei.
– Så fekk eg ein sånn kjekk kommentar: «Men du får jo erstatning?». Men kor mykje verdi er det i eit stykke jord? spør Grethe retorisk.
I seg sjølv er det ikkje mykje, men for garden er verdien stor. Grethe fryktar, til liks med Knut Inge, at eigedommen hennar vil mista verdi som følge av det store vegprosjektet, slik det er skissert i dag.
– Eg har aldri følt meg så verdilaus, sluttar ho.
– Vil ha store negative konsekvensar, men rasfare veg tyngst