Herold

Ung kvinne mista førarkortet nær Eikefjord

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Arne Hjorth Johansen Published: 2026-03-07 09:12:41
Ung kvinne mista førarkortet nær Eikefjord

Det gjekk fort unna for kvinna som natt til laurdag køyrde på riksveg 5 ved Tonheim nær Eikefjord. Litt for fort etter politiet sin smak.

– Det var i firetida i natt at patruljen gjorde ei gjennomsnittsmåling. Farta blei målt til 121 kilometer i timen, fortel operasjonsleiar ved Politiet sin operasjonssentral, Dan Erik Johannesen.

Han fortel at føraren var ei kvinne i 20-åra.

– Det blir oppretta sak, og ho er fråteken førarkortet, legg han til.

– Ho kan truleg vente seg ei saftig bot då?

– Det er nok sannsynleg.

Verken Johannesen eller journalisten har bøteregulativet i hovudet, men ein sjekk på Lovdata viser at farta er så høg at det ikkje lenger held med eit forenkla førelegg. Ho er likevel akkurat innanfor grensa der ho slepp samfunnsstraff eller fengsel.

Førarkortet må ho truleg klare seg utan i mellom fem og åtte månader.

Utover denne hendinga har det vore stille og roleg i Firdaposten sitt dekningsområde.

🏷️ Extracted Entities (5)

Eikefjord (place) Dan Erik Johannesen (person) Lovdata (entity) Politiet (organization) Tonheim (place)