Luttprisen: Anna Lille er årets artist
Plus
Anna Lille vart årets artist, Haglunden årets nykommar og Remi Tystad vart årets eldsjel.
Den gjevaste prisen under arrangementet gjekk til Lille, som ifølgje juryen har markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt trass i ung alder. Ho har spela på store festivalar, vore nominert til Spellemannspris, fått radiolisting og oppnådd solide strøymetal.
– Med si særeigne stemme, ærlege tekstar og ei tydeleg forankring i Sogn og Fjordane er Anna Lille ein fortent vinnar av årets artist, skriv juryen.
Ho vann prisen framfor ei rekkje sterke kandidatar. Dei andre nominerte var Kjartan Lauritzen, Oddny, We Met in June, Gunn Kvaale, Good Time Charlie, Gro Marie Svidal, Vilnes, Odd-Erik Lothe og Verdsmannen Thorbjørnsen.
Rap på dialekt frå Årdal
Prisen for årets nykommar gjekk til rapartisten Haglunden frå Årdal.
Juryen løftar fram at han kombinerer rap med dialekt og personlege tekstar på albumet Sei det som det er.
– Med kjartanistisk stil løftar han dialekta si inn i rappen. Han går rett heim hos folket, og særleg unge karar på bygda, skriv juryen.
Også her var det mange nominerte. Blueboy, Over Yonder, Isa Blu, Olivia Husabø, Rimmslim, 1991, Sølve Stang og MAde var alle med i kampen om prisen.
Eldsjelpris til Glopperock-veteran
Årets eldsjel vart Remi Tystad. Prisen går til ein person som har gjort ein ekstra innsats for å løfte fram artistar og lokale talent.
Tystad har arrangert konsertar sidan 1970-talet og var med på å starte Glopperock, som er rekna som landets eldste rockefestival. I fleire tiår har han vore sentral i å få både internasjonale, nasjonale og lokale artistar til Nordfjord og Sunnfjord.
Nesten 6000 røyster
Nesten 6000 røyster kom inn frå publikum til dei nominerte. I tillegg tel fagjuryen for to tredelar av røystene. I juryen sat i år Sølvi Lien, Øyvind Lyslo, Trude Ramstad, Erling Wåge, Katrine Clausen Fredheim, Vegar Sårheim, Tone Lin Støfring Skovro og Kyrre Fitje.
Årets Luttpris vart arrangert i Nynorskhuset i Førde og markerte samtidig 20-årsjubileet for prisen. Programleiar var Arian Engebø, og for første gong vart showet sendt direkte på nasjonal TV.
– Dette vart det jubileumet eg ønska meg. Rekordmange artistar på scena, fortente prisar og ein musikalsk fest både i salen og for dei som fekk det med seg på TV og radio, seier prosjektleiar i NRK Vestland, Stian Sjursen Takle.
Luttprisen vart arrangert i samarbeid mellom NRK Vestland, Teater Vestland, OnCue Production og Røyst Mat & Vin.