God start på kinoåret: Desse har gått best i Florø
Plus
Det vart selt over 1,5 millionar kinobillettar dei to første månadene i år. Det er ein auke på 13 prosent samanlikna med same periode i fjor.
Totalt vart det selt 1.563.116 kinobillettar på norske kinoar i januar og februar, ifølgje ei pressemelding frå bransjeorganisasjonen Film & Kino.
I heile fjor vart det selt 8,4 millionar billettar i Norge, men administrerande direktør Espen Lundberg Pedersen i Film & Kino trur på vesentleg betre kinobesøk i år enn i fjor.
– Eg trur framleis at me passerer 10 millionar selde billettar i år, seier Pedersen.
Det er filmen «The Housemaid» som er den mest besøkte filmen i Norge i år. Den hadde premiere 16. januar og er no oppe i 189.992 selde billettar. Bak følgjer «Flåklypa – Fra Paris til pyramidene» og «Avatar: Fire and Ash», som begge hadde premiere imot slutten av fjoråret.
Også norske filmar som «Kraken», «Havfolket» og «Affeksjonsverdi» er inne blant dei 10 mest sette filmane i år.
– Det er ingen tvil om at norsk film er inne i ein svært god periode, både nasjonalt og internasjonalt, seier Pedersen.
I Florø kan ein og vise til eit svært godt kinobesøk til no i år, og det er spesielt ein film som dreg opp gjennomsnittet. Havfolket har vore vist for 1169 besøkande til no.
Kraken, Flåklypa og The Housemaid har også gått bra i Florø.
Totalt har det vore 2907 besøkande på Florø kino i årets to første månader. Det er ei auke på 44 prosent.
NB: Journalist Arne Hjorth Johansen har ein ekstrajobb på kinoen i Florø. Det er han som har henta ut tala for Florø kino.