Herold

Den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2026

Plus
Kilde: Firdaposten Author: Kari-Ann SĂžreide, FlorĂž Published: 2026-03-07 23:36:00
Den internasjonale kvinnedagen 8. mars 2026

Gratulerer med dagen, alle saman!

8. marser det i Är mange kvinner og menn i landet vÄrt som gÄr i tog for Tamima, kvinna frÄ Etiopia som pÄ Kampen i Oslo blei drept pÄ jobb. Det var ein av bebuarane i butreningsanlegget der ho var aleine pÄ jobb som utfÞrte ugjerninga.

Saka har fÄtt stor merksemd, og ei tid etter drapet var «heile Oslo» pÄ beina i ein hyllest til Tamima. No nÄr det gÄr mot 8. mars, er ho igjen sentrum for stor respekt. Det er bra.

I FlorÞ bur det ein del iranarar. Eg traff tilfeldigvis ei iransk dame som eg har hatt som elev den laurdagen krigen starta, 28. februar. Ho rista pÄ hovudet og sa med tÄrer i augene at dette hadde mange venta pÄ og vore redd for ei god stund. Ho fortalde vidare: «Barndommen min var krig. Ungdommen min var moralpolitiet. Eg lÊrte tidleg at prestestyret meinte at dei hadde rett til kroppen min, stemma mi og bevegelsane mine, kor eg sto, gjekk og eventuelt reiste. Dette er mitt levde liv».

Historia hennes er ikkje einestĂ„ande. Vi hugsar vel alle Amini, den iranske jenta som ikkje hadde hijaben riktig pĂ„ seg; hĂ„ret viste for mykje. Ho blei fengsla og dĂžydde i fengselet pĂ„ ein «uforklarleg» mĂ„te. Dette utlĂžyste store demonstrasjonar i gatene i Teheran. Under mottoet «Kvinne – Liv – Frihet» deltok fleire hundre tusen iranarar i fredelege protestar mot brutaliteten og kvinneundertrykkinga tll prestestyret.

Narges Mohammadifekk Nobels fredspris i 2023 for sin kamp mot kvinneundertrykkinga i Iran. Hennar modige kamp kosta henne dyrt. Ho blei arrestert 13 ganger, domfelt fem ganger, dÞmt til 31 Ärs fengsel og 154 piskeslag. Ho fekk ikkje komme til Norge for Ä ta imot fredsprisen, og sit framleis fengsla.

I desse dagar opplever Iran ein skjebnetime. Landet er splitta, og ein held pusten: Vil ein klare Ă„ foreine motsetningane; dei som jublar over Khamenei sin dĂžd og dei som strĂžmmer til gatene i protest mot USA og Israel sine angrep. Vil prestestyret og undertrykkinga halde fram under nye religiĂžse leiarar, eller vil ein klare Ă„ snu utviklinga i ein meir demokratisk retning: Dei iranske kvinnene sin situasjon avheng av dette.

Kanskje vilalle dei modige kvinnene i Iran som med livet som innsats i Ärevis har kjempa for den fridommen vi tar som sjÞlsagt, endeleg kunne puste fritt?

Dei fortener vÄr stÞtte og respekt.

đŸ·ïž Extracted Entities (12)

Iran (entity) Tamima (entity) Amini (entity) Etiopia (entity) Israel (entity) Kampen (entity) Khamenei (entity) Kvinne – Liv – Frihet (entity) Norge (entity) Oslo (place) Teheran (entity) USA (entity)