Herold

Ungdomsrådet meiner planen har lite fokus på rusførebygging

Plus
Kilde: Drangedalsposten Author: Else Børte Published: 2026-03-05 21:08:35
Ungdomsrådet meiner planen har lite fokus på rusførebygging

Ungdomsrådet har konkrete forslag til kommuneplanens samfunnsdel. Nå vil hovudutvalet invitere seg sjølv med på møte i ungdomsrådet for å høyre meir.

– Kanskje me kan invitere oss sjølv til neste møte i ungdomsrådet? Dei har mange gode meiningar me burde høyre. Det er eit fantastisk råd og me burde vera meir på ballen inn til dei, seier Hilde Heimholt Furunes (Ap) når hovudutvalet for helse, oppvekst og kultur fekk orientering om høyringsinnspela frå Ungdomsrådet til kommuneplanens samfunnsdel 2026–2035 torsdag føremiddag.

Dette peikar Ungdomsrådet på i planen:

Lite fokus på rusførebygging

– Ungdomsrådet er ein viktig del av kulturen i Drangedal. Det jobbast bra i ungdomsrådet, seier Magnus Straume (Ap).

- Moro at ungdomsrådet er så på og at så mange som vil vera med, seier utvalsleiar Knut Helge Bråthen (Sp).

Ungdomsrådet meiner at planen har litt lite fokus på rusførebygging.

– I tillegg burde det vera fokus på vedlikehald og attraktivitet i sentrum. Som fleire søppeldunkar og meir lys, både i sentrum og på skulen.

Ungdomsrådet meiner planen også burde ha større fokus på kollektivtransport. Ungdomsrådet saknar samarbeid mellom aktørane. Ungdomsrådet saknar også større fokus på fritid, kultur og idrettsaktivitetar, og elles fare for nedprioritering med tanke på økonomi.

🏷️ Extracted Entities (5)

Ungdomsrådet (entity) Drangedal (place) Hilde Heimholt Furunes Ap (person) Knut Helge Bråthen Sp (person) Magnus Straume Ap (person)