Stilte på løp eit halvt år etter hjartestansen: – Ein siger bare å koma meg gjennom
Plus
Eit kraftig støyt fekk hjartet hans til å slå igjen. Eit halvt år etter hjartestansen sprang Rune William Gjertsen løp.
På ein treningstur i september i fjor fekk Rune William Gjertsen hjartestans. Takk vera snarrådig reaksjon frå treningskompisen Øyvind Trulsen var ambulansen raskt på pletten.
Hjartet til 65-åringen starta igjen etter eitt kraftig støyt med hjartestartar. Han var tilsnakkandes i sjukebilen, men blei flogen til Sus med helikopter.
– Eg hugsar ikkje så mykje av dette sjølv, fortel han.
Ein siger å koma gjennom
Etter hjartestansen har han trent seg gradvis opp, og laurdag stilte han til start i Egersundsmila.
– Eg har bygd meg opp sakte men sikkert. Det gjer noko med psyken, slikt, seier han.
– Men det gjer godt for deg å trena?
– Det gjer veldig godt, svarer han.
Han tok det veldig roleg under løpet på laurdag.
– Eg var nervøs på førehand, og det var ein siger bare å koma meg gjennom, seier han.
Gode folk rundt seg
Rune William Gjertsen har hatt hjartetrøbbel før. I 2019 var han gjennom ein stor bypassoperasjon. Legane skar opp brystbeinet på han, opna brystkassen og stoppa hjartet hans. To blodårer blei tatt frå andre plassar på kroppen, blant anna leggen, og flytte opp til hjarta.
Då han kom i gang med treninga igjen var han redd for å belasta seg for hardt, akkurat slik han er nå. Han prøver å venna seg til at han nok aldri får ein fasit på om det er lurast å ta det heilt med ro eller å trena utan å sprengja seg.
Men han har ikkje fått treningsforbod etter det som skjedde i haust. Snarare har legen oppfordra han til ikkje å parkera i sofaen.
– Livet er eit usikkert prosjekt uansett, seier han.
Både familiemedlemmer og venner har vore til god støtte det siste halve året.
– Eg har gode folk rundt meg, understrekar han.
Sambuar Elsa Tønnesen seier det slik:
– Det er skummelt, dette, men livet går vidare. Han har ikkje fått beskjed om å sitja stilt.
Stort bildegalleri: Rekordmange sprang løp i vårsola