Festivalsjefen for Vinjerock føler seg som en helt vanlig jente på bygda
Plus
Valdris Ingebjørg Blomlie Müller opplevde å bli satsa på, noko som førte til at ho kunne bli buande på bygda og ikkje flytte til Oslo.
Smartembed for https://nationenmedia.s3.eu-north-1.amazonaws.com/arkiv/z_2026_kvinnedagen_03/fragment.html
(Nationen): Ingebjørg Blomlie Müller (34) hjelpte til som frivillig første gong festivalen Vinjerock skulle haldast. Sidan var ho tilsett i staben. No er ho festivalsjef.
Blomlie Müller er éin av fem kvinner som Nationen løftar fram i anledning Kvinnedagen 8. mars. Desse fem og 45 andre i alderen 16–35 år gir oss trua på distriktet.
Dette er juryen
– Mitt første år som festivalsjef var i 2025, fortel Blomlie Müller.
Ho fekk jobben allereie 1. september 2024, så det er andre året ho har hatt heile løpet frå planlegging til startskot av sjølve festivaldagane.
Ingebjørg (34) ville gått under denne parolen i 8.mars-toget
Ho bur i Øystre Slidre, og det tar ho 45 minutt i bil til kontorfellesskapet ho jobbar frå. Ikkje alle samarbeidspartnarane sit i Vang, og jobben blir ein hybrid mellom e-postar og digitale møter i planleggingsdelen av året.
– Det handlar mykje om å setje i gang ting og leggje rammer for det staben jobbar med, forklarar ho. Mellom anna fortel Blomlie Müller at dei allereie er i gang med å planlegge Vinjerock 2027.
Få stillingar i kulturbransjen
Blomlie Müller tok utdanning i media og kommunikasjon ved OsloMet. Då vart ho spurt om ho ville vere heilårsfrivillig for mora, som var ein del av staben til Vinjerock.
– Det vart ein ting som gjorde at eg kunne ha ei tilknyting til Valdres då eg skulle vere i Oslo og studere, seier ho.
Ein av grunnane til at ho ønska å vere med på det, var å ha noko å gjere på i sumarferien heime.
– Det var eit fellesprosjekt som ho og eg kunne drive med i lag, seier Blomlie Müller.
Smartembed for https://services.api.no/api/componenthub/v1/dashboard?component=reels-carousel_reelsCarousel&publication=www.nationen.no&tag=8.+mars&title=Unge+kvinner+som+gir+oss+trua+p%C3%A5+Distrikts-Norge&limit=4&source=www.nationen.no
Og då utdanninga byrja å forme ynsket om vegen vidare, så spurde ho på OsloMet om ho kunne ta praksisen på kontoret til Vinjerock.
– Så fekk eg lov til det, og då kom eg opp her frå 1. januar 2016. Og etter det berre blei eg her som tilsett. No har eg vore her i ti år, seier ho.
– Kva tenkjer du om det?
–Eg føler meg veldig heldig. Det er ikkje slik at det er så veldig mange faste stillingar i kulturbransjen, påpeikar ho.
Tilskot til bygdelivet
Ikkje berre fekk ho ei fast stilling innanfor ein bransje ho lenge har hatt interesse for:
– Det eg syns er det beste med Vinjerock og jobben eg har, er å få jobbe med så utruleg mykje fine folk, og å få skape noko så unikt ute på bygda, seier Blomlie Müller.
Ho kallar det å jobbe med festivalar for ein risikosport, sidan jobben er så avhengig av å få inn nok pengar til å kunne halde drifta gåande, og om berre éin dag skulle skjere seg under festivalen, så ville det ført til store tap.
Men ringverknadane har vore viktige for lokallivet. Mellom anna passar dei på å bruke lokale leverandørar der dei kan, så dei får business, og skapar liv og røre i fritida for dei lokale.
– Det er nesten 50 folk som er heilårsfrivillige for Vinjerock, og dei har det som ein viktig sosial arena i sine liv, seier Blomlie Müller.
– Ta sats
Blomlie Müller seier at det kunne vore heilt annleis for ho. Ho kunne ha enda opp i Oslo etter enda praksis for å jobbe med kulturproduksjon.
Men så var det nokon som tok sjansen på ho då praksisen enda. Den lærdomen eg har fått med meg via erfaring at nokon tok sjansen på meg
– Ho som var festivalsjef då, ho sa «eg tykkjer du er dyktig, eg har lyst til å ha deg med, du skal jobbe her», det var veldig verdifullt for meg og gav meg ei trygging i å bli buande på bygda, seier ho.
At nokon satsa på ho, er noko ho oppfordrar andre til å gjere meir av, og tar sjølv med vidare.
– For dei som driv noko utpå bygda er det viktig å hugse på det å ta sats og vere villig til å lære opp folk. Det gir veldig mykje tilbake, seier Blomlie Müller.
– Litt rart
At ho vart trekt fram for arbeidet ho gjer er ho litt overraska over.
– Eg syns eigentleg det er litt rart, seier ho og ler.
– Kvifor det?
– Eg føler meg eigentleg berre som ei heilt vanleg jente ute på bygda, som får lov til å ha ein artig jobb, seier ho.
Men så seier ho at det kanskje er nettopp vegen til det som gjer det hyggeleg å setje lys på.
– Det er lov å drøyme, eller gå etter draumen sin. Det er ikkje alltid at den vil ta deg akkurat dit du trudde, men at du da kan finne gode ting på vegen.
Synne Vo til Vinjerock: – Veldig kjekt
Hva er årets Vinjerock-stil?