Følte seg stengd inne, men så slo ho til
Plus
Nellie Cecilia Taule frå AKS-77 trådde verkeleg til på 1500 meteren under noregsmeisterskapen i friidrett for ungdommar på Jessheim.
Med det tok ho sølvet på distansen, og i same slengen braut ho den magiske grensa på 5 minutt. Ny personleg rekord etter løpet fredag er 4.59,01.
Sjølv er ho klar på at løpet var godt disponert. Ho fann seg raskt til rette i ei tetgruppe på fire løparar.
– Eg følte meg litt stengd inne i starten, men eg tenkte at eg måtte berre ligge der litt. Så visste eg at nokon framfor meg hadde svakare pers enn meg, og då dei sakka ned, skjønte eg at eg måtte forbi.
Her ser du ei kort oppsummering av konkurransen.
UM 1500 meter
I starten låg Taule litt bak i gruppa, men då ein konkurrent begynte å springe på frå front, smatt AKS-løparen raskt opp i ryggen hennar.
Der låg ho ei stund, men så 400 meter før mål starta ho opp langspurten sin frå front. Då drog ho litt frå resten. Men ei spurtsterk jente frå Varegg kom sigande då det var 100 meter igjen og var sterkast i spurten.
– Eg hadde ikkje sjanse til å følge henne, og eg var ikkje heilt førebudd på at ho skulle komme i den farta.
Taule fortel at ho var godt nøgd då ho kom i mål, og var letta over at det gjekk så bra. Prestasjonen gir motivasjon til vidare treningsarbeid.
Det neste no er NM i terrengløp i Grimstad 18. april, noko ho gler seg til.