Herold

Kongen returnerer til Noreg etter sjukehusopphald på Tenerife

Kilde: NRK Author: Regine Engelina Hatvik Published: 2026-03-07 14:31:52 Last updated: 2026-03-07 22:44:46
Kongeparet tilbake i Noreg: – Kongen er i god form

Kong Harald og dronning Sonja landa laurdag kveld på Gardermoen, etter eit opphald på Tenerife. – Kongen er i god form, skriv Slottet.

Saka oppsummert:

  • Kong Harald og dronning Sonja landa laurdag kveld i Noreg etter ein ferie på Tenerife
  • I løpet av ferien blei kong Harald lagt inn på sjukehus på grunn av infeksjon og dehydrering
  • Kronprins Haakon har fungert som regent medan kongeparet var på ferie
  • Kongeparet sitt neste offisielle oppdrag er 12. mars, der dei skal ta imot utanriksminister Espen Barth Eide

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

Laurdag er kongeparet heime i Noreg etter eit ferieopphald på Tenerife i Spania.

Under ferien blei kongen innlagd på sjukehus for infeksjon og dehydrering.

– Kongen er i god form, og vil etter planen halde fram sitt arbeid til veka, skriv Slottet i ei pressemelding.

Også kongen sin livlege Bjørn Bendz reiser tilbake saman med kongeparet.

Kongen fylte 89 år 21. februar.

Før turen til Spania var kongeparet til stades under OL i Italia.

Sjukehusopphald på Tenerife

Det var i slutten av februar at kong Harald blei lagt inn på universitetssjukehuset Hospiten Sur på Tenerife i Spania.

Det skjedde under kongeparet sin private ferietur til øya.

Kongen sin livlege reiste ned til Tenerife for å hjelpe det lokale helsevesenet.

– Tilstanden hans er etter forholda god, skreiv Slottet i ei pressemelding kort tid etter innlegginga.

Kronprins Haakon har fungert som regent medan kong Harald og dronning Sonja (88) var på utanlandstur.

Universitetssjukehuset Hospiten Sur på Tenerife.

Ein auke i oppdrag

Like før turen hadde kong Harald tett program og auka tal i offisielle oppdrag.

Fram til vinterferien hadde kongen gjennomført enda fleire oppdrag enn på same tid i fjor.

Det trass i Slottet si varsling i 2024 om at kongen måtte trappe ned arbeidet etter at han blei alvorleg sjuk i Malaysia same året.

Kong Harald og dronning Sonja på tribunen under OL.

Kongeparet var synleg på tribunen under OL i Italia for å heie fram dei norske skøyteløparane.

Det var første gang kongeparet var på OL-tribunen sidan 2014.

Kongeparet sitt neste offisielle oppdrag er 12. mars. Dei skal ta i mot utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) i audiens.

🏷️ Extracted Entities (17)

Harald (entity) Noreg (entity) Tenerife (entity) Slottet (place) Sonja (person) Kongefamilien 📁 (category) Norge 📁 (category) Spania (entity) Espen Barth Eide Ap (person) Haakon (entity) Hospiten Sur (person) Italia (entity) Bjørn Bendz (person) Gardermoen (entity) KI (entity) Malaysia (entity) OpenAI (entity)

📊 Metadata

Category: Kongefamilien, Norge
OpenGraph Title: Kongen returnerer til Noreg etter sjukehusopphald på Tenerife
Twitter Title: Kongen returnerer til Noreg etter sjukehusopphald på Tenerife