Herold

VM-kvalifisering i fotball: Noreg i oppløysing mot Tyskland: – Heilt sjanselause

Kilde: NRK Author: Åsne Margrete Kleiv Published: 2026-03-07 18:23:14 Last updated: 2026-03-07 21:08:26
Tapte stygt etter sjansesløsing: – Ganske brutalt

Noreg hadde kome godt inn i kampen mot storlaget – så rakna det.

– Resultatet blir ståande att som katastrofalt, seier ekspert Kristoffer Løkberg.

Tyskland har akkurat vunne 4-0 over Noreg i kvalifiseringskampen til VM.

– Me møter eit godt lag. Me visste at dei er eit godt kontringslag. Me har taket på dei. Om me set dei, er me i eit anna scenario. Me burde ha unngått dei to før pause, seier Ada Hegerberg til NRK etter kampen.

Ho held fram:

– Det blir eit stygt resultat. Det er det høgaste nivået, då blir du straffa.

Begge lag kjempa om ein direkteplass til meisterskapet i 2027. No kan Noreg sin veg bli lengre.

SKUFFA: Tuva Hansen og Justine Kielland etter kampen i Stavanger.

– Ein kjip kamp

Det rakna på overtid av første omgang. Noreg låg under 0-1, men var på mange måtar med i kampen.

Det norske laget var fleire gonger ved Tyskland sin sekstenmeter, men klarte ikkje kome til avslutningane.

– Det er heilt sjukt at det er 4–0. Me kan ikkje gjera så store feil som me gjer. Me har store nok sjansar til å koma inn i kampen igjen. Det er ein kjip kamp, seier Tuva Hansen.

– Det kjennest ganske brutalt å tape 4–0 i dag når me produserer mange sjansar, seier Frida Maanum.

På overtid sende Vivien Endemann ein pasning gjennom Noreg-forsvaret til Carlotta Wamser som sette det andre målet i kampen. Kort tid kom også det tredje.

– Me kan ikkje miste konsentrasjonen på den måten, tyskarane skapte ikkje dei måla, me gav tyskarane dei måla. Det er læring for oss i kveld. Eg føler at me hadde mange store sjansar som me ikkje skåra på, seier trenar Gemma Grainger.

Noreg slapp inn to mål mot Tyskland på overtid i første omgang.

– Tett på å bli slakta

Tyskland leia 3-0 etter første omgang.

– Noko av det eg har sett i første omgang, er noko av det betre eg har sett. Me hadde ei ganske god kjensle. Og så er det litt personlege feil, me blir kanskje litt slitne og slurvete. Me gir bort nokre heilt unødige overgangar og moglegheiter til Tyskland, sa ekspert Carl-Erik Torp og la til:

– Det er rart å sjå at me ligg under 3-0.

I andre omgang fekk bortelaget eit nytt mål. Dei vann til slutt 4-0.

3-0: Tyskland skåra to mål på tampen av første omgang.

Tyskland leiar gruppa, og overtydde alt i den første kampen i gruppespelet, då slo dei Slovenia 5–0 på heimebane.

– Det såg ut som slakt då Tyskland slo Slovenia, men me er tett, tett på å bli slakta me også, seier ekspert Bengt Eriksen.

– Me vil bruke dette som ein tøff lærepenge, seier Hegerberg etter kampen.

Noreg vann mot Austerrike i den første kvalifiseringskampen.

Med 4-0-tapet er sjanse til gruppesiger og direkte VM-plass allereie i ferd med å glippe for Noreg, men det er framleis håp.

Alle laga i A-divisjonen som ikkje blir gruppevinnar, får i staden omspel om VM-plass i haust. Om Noreg blir nummer to eller tre, blir det semifinale mot eit lag frå C-divisjonen og eventuelt finale mot eit botnlag frå A-divisjonen eller eit lag frå B-divisjonen.

🏷️ Extracted Entities (17)

Noreg (entity) Tyskland (place) Fotball 📁 (category) Fotballandslaget 📁 (category) kvinner 📁 (category) Ada Hegerberg (person) Slovenia (entity) Austerrike (entity) Carl-Erik Torp (organization) Carlotta Wamser (person) Frida Maanum (person) Gemma Grainger (person) Justine Kielland (person) Kristoffer Løkberg (person) Stavanger (entity) Tuva Hansen (person) Vivien Endemann (person)

📊 Metadata

Category: Fotball, Fotballandslaget, kvinner
OpenGraph Title: VM-kvalifisering i fotball: Noreg i oppløysing mot Tyskland: – Heilt sjanselause
Twitter Title: VM-kvalifisering i fotball: Noreg i oppløysing mot Tyskland: – Heilt sjanselause