Nordmenn samla i sjømannskyrkja før avreise heim
Søndag skal eit fly frå Oman frakte nordmenn i Dubai heim til Noreg. Dei samla seg i sjømannskyrkja før felles avreise til flyplassen.
Saka oppsummert:
- UD har i samarbeid med Norwegian organisert ei flyging frå Muskat til Oslo for å hente heim nordmenn
- Barnefamiliar, gravide og personar med medisinske behov blir prioriterte på flyet
- Reisande var samla ved sjømannskyrkja i Dubai før ein 400 km lang busstur til flyplassen i Muskat
- Passasjerane må betale ein eigendel på 12.500 kroner, medan born under to år reiser gratis
Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.
Flyginga er sett opp av Utanriksdepartementet (UD) i samarbeid med Norwegian, og går frå Muskat i Oman til Oslo.
UD prioriterer å frakte heim barnefamiliar, gravide og personar med medisinske behov.
Reisande som får vere med flyet til Noreg, har blitt kontakta direkte av UD.
Dei blir samla ved sjømannskyrkja i Dubai i Dei sameinte arabiske emirata. Før dei skal nytte natta til ein over 400 kilometer lang busstur over grensa til Oman.
– Folk er slitne
Laurdag kveld har om lag 100 personar møtt opp ved sjømannskyrkja i Dubai, opplyser fungerande dagleg leiar Eivind Gundersen til NRK.
– Inntrykket er at folk er slitne, men også litt avventande. Stemninga er for så vidt god, men folk er klare for å reise vidare, seier Gundersen.
– Vi er til stades og saman med folk. Vi har UD teamet på plass, og samarbeider godt med dei, legg han til.
Laurdag tok fungerande dagleg leiar Eivind Gundersen i sjømannskyrkja i Dubai i mot nordmenn som skal heim med UD sitt fly frå Muskat.
Dei første dagane etter angrepet i Iran fekk sjømannskyrkja mange førespurnadar frå uroa nordmenn. Telefonane har roa seg den siste tida, ifølgje Gundersen.
– Det er jo litt sånn at ein finn ein slags normalitet i alle situasjonar, seier han.
Natt til laurdag varsla myndigheitene i Dei sameinte arabiske emirata at luftforsvarssystem avskar iranske missil og dronar.
– Missilalarmen har vel gått to gonger i dag. Då måtte vi søke dekning, seier Gundersen.
Eigendel på 12.500 kroner
Dei som får plass på flyet må betale ein eigendel på 12.500 kroner – born under to år reiser gratis. Prisen inkluderer transport med buss frå Dubai til flyplassen i Muskat.
Statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) i UD sa til NRK fredag at dei har jobba med å få dette i stand over fleire dagar.
– Her var det nødvendig å få alle detaljane på plass før vi faktisk går ut med det, og det er vi glade for at vi kan gjere no, sa Petersson til NRK.
Departementet har fått kritikk frå Framstegspartiet for si handtering.
Dei meiner at UD har tatt for lite ansvar for nordmenn i regionen.
– Mange nordmenn var allereie i regionen då krigen brått braut ut, og har hamna i ein situasjon der det er vanskeleg å kome seg heim, sa stortingsrepresentant Himanshu Gulati (Frp) til NRK.
– Ei av dei viktigaste oppgåvene til Utanriksdepartementet er å hjelpe norske borgarar i utlandet, la han til.
Interessert i utanriksstoff? Høyr siste podkast-episode frå Urix: