Herold

Biologisk mangfald – trengs det beitedyr?

Kilde: Trønderdebatt Author: Yngve Rekdal, Beitegranskar NIBIO, Ås Published: 2026-03-06 10:42:48
Biologisk mangfald – trengs det beitedyr?

Det er i landskap påverka av beitande dyr ein finn noko av det største artsmangfaldet i norsk natur. Blir beitedyra borte forsvinn dette. Husdyr må difor ut på beite og ikkje stengast inne i store fjøs med tilkøyrt fôr.

Biologisk mangfald er mangfaldet av levande organismar på eit areal eller i eit område. For å beskrive dette nyttar vi omgrep som leveområde og nisjer. Dette er små miljø med nokolunde einsarta tilhøve med omsyn til miljøfaktorar som vatn, næring og klima. Di fleire faktorar som påverkar eit økosystem di fleire nisjer blir danna som ulike artar kan nytte.

Beiting er ein viktig faktor i skapinga av slike nisjer. Gjennom avbiting, trakk og gjødsling påverkar beitedyr vegetasjonen. Dette fremjer artar som toler beiting – særleg grasartar. Det beita landskapet er difor kjenneteikna ved dominans av gras, men òg urter som unngår beiting gjennom ulike eigenskapar som torner, dårleg smak eller tidleg frøsetting.

Dersom ein økologisk faktor blir svært dominerande, vil artar spesielt tilpassa denne ta overhand, og mangfaldet går ned. Slik er det òg ved sterk beiting. Moderat beitetrykk tilpassa toleevna til økosystemet gjev største mangfaldet. Kva som er moderat beitetrykk vil avhenge av kor rikt leveområdet er. På fattige areal med lite urter vil mangfaldet raskt gå ned når beitedyr kjem inn, men her går dyra lite dersom dei har val.

Når ein skal vurdere kva biologisk mangfald beitedyr skapar i eit område, er valet av målestokk avgjerande. Dyra beitar ikkje jamt. Det vil alltid vera areal som både er sterkt og lite beita. På områdeskala gjev beiting difor ein mosaikk av areal med ulik beitepåverknad. Slik aukar mangfaldet for området sjøl om det nokre stader kan gå ned.

Ved sida av avbiting er trakk viktig for kultiveringa i beitelandskapet. Høge urter og bregner har trakksvake stenglar og rotsystem, og trekkjer seg tilbake ved sterkt trakk. Samla gjev ulike slag beitedyr best kultivering da dei nyttar planter og terreng på litt ulikt vis. Storfe har til dømes sterkare trakkverknad enn sau og et grovare planter.

Møkk frå beitedyr er ein nøkkelfaktor. Den tilfører næring til jorda og gjev livsgrunnlag til mikroorganismar, sopp og insekt, som igjen er viktige for fuglelivet. Beiting fører òg til nye skot og frisk vegetasjon som er viktig både for fuglar og beitande dyr. Beitedyr bidreg òg til spreiing av artar ved at frø heng med i klauvar og pels, og er med i møkk som dyr legg frå seg.

Summen av dette er at beitemark får eit særeige mangfald av mikroorganismar, insekt, planter og fuglar. Det er i denne naturtypen noko av det høgaste artstalet per kvadratmeter er observert i norsk natur. Ikkje minst er det mange sjeldne artar her. I følgje Artsdatabanken si raudliste er 798 av dei raudlista artane – 29 prosent – knytt til kulturbetinga naturtypar.

Attgroing er i dag det største trugsmålet mot det beiteskapte biologiske mangfaldet. Blir beitedyra borte forsvinn dette landskapet som har vorte til gjennom ei mangfaldig hausting. Det er berre ei aktiv beitenæring som kan skjøtte større utmarksareal. Vi har i dag verna store areal på grunn av kulturpreget, men teke bort lønsemda i den viktigaste reiskapen for skjøtsel – husdyrbruk med beitande dyr.

Ulik arealbruk er også trugsmål mot det beiteskapte biologiske mangfaldet. Samla utgjer ikkje hyttebygging så stort areal, men mykje er lagt til fjellskog som tradisjonelt er den viktigaste naturtypen for beiting i landet. Det er her det meste av seterdrifta har vore drive. Mykje hyttebygging er gjort med utgangspunkt i setergrender. Setrene vart ikkje tilfeldig plassert – dei vart lagt i beste beitet.

Rovdyr er også eit viktig trugsmål mot beitelandskapet. Område nærast svenskegrensa er hardt ramma og aust for Glomma er ein heil region i ferd med å miste det beiteskapte biologiske mangfaldet.

Haustingslandskapet er eit gamalt landskap utvikla gjennom samspel mellom planter, ville hjortedyr og menneskje med sine husdyr. Blir beitedyra borte går attgroinga raskt. Attgrodd landskap kan takast tilbake. Ved rett skjøtsel kan ein opne landskapet og få att grasrikdomen, men det tar veldig lang tid før alle soppar, mikroorganismar og insekt finn vegen tilbake.

Mange rapportar frå FN viser at biologisk mangfald er truga globalt av for intensiv arealbruk. Her i landet er problemet det motsette – mangfaldet i utmarka går ned på grunn av for låg hausting. Globale problem må difor finne lokale løysingar. Skal vi ta vare på det beiteskapte biologiske mangfaldet i norsk natur krev det politiske prioriteringar, økonomiske verkemiddel og ei forvaltning som ser samanhengen mellom beitande dyr, levande landskap og levande bygder.

🏷️ Extracted Entities (3)

Artsdatabanken (entity) FN (entity) Glomma (entity)