Eit ublidt treff langs vegen til Stegastein
Plus
Det er seint i februar, og den mest intense vinterkulda lÚt til Ä vike for ei blaut vÄring. For oss som bur i Aurland, er det sikraste vÄrteiknet allereie Ä skimta langs veg og sti.
Bilar med norske skilt, men med ein kÞyrestil og ein logo frÄ utleigeselskapet som visar oss at desse er besÞkjande. Store og smÄ turistbussar som skal opp, opp, opp og inn pÄ dei smalaste og mest krevjande vegane vÄre. Og det skal skje fort.
Denne dagen i februar skal eg, som sÄ mange gonger fÞr, fÄ kjenne hastverket pÄ kroppen. Og sÄ eg som trudde vi hadde nokre veker til fÞr det blei turistsesong?
Vinteren er nemleg eit pusterom for mange av oss som bur i det som i dag er eitt av Noreg sine mest besĂžkte omrĂ„de. Av dei tre mest besĂžkte attraksjonane i Sogn ligg to i Aurland â FlĂ„msbana med kring 700 000 besĂžkjande i 2024, og utsiktspunktet Stegastein med nesten 500 000 besĂžkjande same Ă„r (VF-rapport nr. 9-2025). Infrastrukturen i regionen vĂ„r er i stor grad tilpassa innbyggjarane sine behov, med unntak for til dĂžmes hamna i FlĂ„m som er rigga for Ă„ ta imot store mengder turistar.
BjÞrgavegen (vegen frÄ Aurlandsvangen opp mot Aurlandsfjellet, som passerer Stegastein) er ein smal veg (stort sett eitt felt), svingete, bratt, og gÄr delvis gjennom tettbygd strÞk.
Den same smale vegen som skal ta imot ein halv million besÞkjande per Är, er ogsÄ den einaste ferdselsÄra for dei av oss som bur her, og for dei som driv landbruksnÊring pÄ desse teigene. Skal vi kome oss til jobb, skule, barnehage, opp til kyri, pÄ matbutikk, legekontor eller noko som helst anna, mÄ vi bruke vegen.
Denne dagen i februar, i kviletida vÄr, der vegen framleis er mogleg Ä bruka pÄ ein fÞreseieleg mÄte, opplever eg det som eg har blitt sÄ vane med i turistsesongen. Eg tassar langs vegen, glad for at sambuaren min kunne levere i barnehagen slik at eg fekk bevege meg litt pÄ veg til og frÄ jobb. Det har regna kraftig, og kombinert med vÄrsmeltinga renn det no ein bekk langs den eine sida av asfalten.
Eg kjem til eit svÊrt smalt parti etter nedkÞyringa til Klokkargarden. Eg fÄr alltid ilt i magen nÄr eg gÄr her i turistsesongen, fordi du har steilt berg pÄ eine sida, og sÄ ein hÞg betongkant pÄ andre sida. Bak kanten er det bratt ned i fleire meter.
Vegen har akkurat grei plass til ein personbil og ein fotgjengar, men sidan strekninga er utan svingar er det freistande Ă„ gassa pĂ„ â eg gjer ogsĂ„ det nĂ„r eg skal heim til middags og vegen er tom for folk. Er det folk i vegen, mĂ„ eg ned i krypefart pĂ„ denne strekninga. SĂ„ lenge sjĂ„fĂžren tar omsyn og kryp forbi dei mjuke trafikantane plar det gĂ„ greitt, trass i kor smalt det er.
Eg har lÊrt at ein mÄ gÄ litt ut i vegbana, slik at bilistane ser deg godt, og skjÞnar at her er det sÄ smalt at dei mÄ sakke skikkeleg av. I dag er det i tillegg ei elv av regn og smeltevatn i vegbana, sÄ eg har ekstra lite lyst til Ä pressast inn i betongblokkane.
Mot meg kjem ein personbil. Eg ser at dei gassar opp etter svingen ved campinga lenger ned i vegen, og lurar pÄ om dei ikkje har sett meg. Ut av vindauget stikk det ei svart stong, som det ofte gjer pÄ desse bilane eg mÞter.
Det heng ein telefon i enden av stanga, og dei som eig den filmar vegen, fjorden, seg sjĂžlv, og kanskje ogsĂ„ menneska dei treff. Eg lĂžfter ei hand for Ă„ syne at dei mĂ„ sakke av, at dei ikkje kan passera meg her i 60 km/t. Eg ser at sjĂ„fĂžren ser meg, men han sakkar berre litt av, skal vidare og opp til utsiktspunktet Stegastein som Statens vegvesen har bygga til han og ikkje til meg, ikkje til oss som bur og jobbar og lagar ungar her i kommunen. Det er hans attraksjon, hans reisemĂ„l, hans veg, og sĂ„ er eg her â i vegen.
Eg tek eit steg inn mot betongen, ut mot kanten, men idét han passerer meg lar eg handa vere lÞfta, og den treff bilspegelen, eit lite knuff. Eller tek eg litt i?
Eg er lei. Eg hÄpar det kan syne kor smalt det er her, kor nÊr han er ved Ä treffa meg. Han kÞyrer litt vidare, men stoppar og ryggar ned til meg. Opnar dÞra og kastar seg ut. Han er forbanna. SpÞr meg kva eg driv med. Eg sender spÞrsmÄlet i retur. Kva driv han med? SÄg han meg ikkje? Han er ikkje interessert i Ä prate, han gÄr heilt opp til meg og gjer seg stor. LÞfter hendene som om han vil ta eit godt grep kring halsen min, men gjer det ikkje. Eg seier at han mÄ kÞyre forsiktig, at det er barn og dyr og folk som brukar denne vegen.
Han ber meg halda kjeft. Eller, ber og ber. Han kommanderer vel mest. Han ropar fleire gonger at eg mÄ halda kjeft, og sÄ kjem han heilt opp i fjeset mitt og seier med lÄg rÞyst at det her var fyrste og siste gong eg gjorde noko slikt.
«Du kan berre seie unnskyld for at du kÞyrde for fort.», seier eg, og hÄpar det ikkje synst at han gjer meg nervÞs. Han sett seg til slutt inn i bilen, dama i passasjersetet seier ingenting. «Ha ein fin ferie i Noreg!» ropar eg, modigare no som han sit ned, og han kvitterer med «Shut the fuck up!». SÄ kÞyrer dei vidare.
Avis, Hertz, Sixt. dei merkar vel ikkje at ei frustrert kjerring daska med selbuvotten sin mot den venstre spegelen? Eg gÄr pÄ jobb. «No har startskotet gÄtt», tenkjer eg og tÞrkar nokre nervÞse tÄrar. «No er det turistsesong igjen.»
No er det snart fleire kilometer med kÞ langs heimvegen vÄr, og det tek ikkje lenger fem minutt Ä kome seg til skule, barnehage, jobb, matbutikk. No kan det ta 20, 30, 40, 50 minutt. Kanskje ein time. Kanskje meir. No er det tuting og bannord pÄ alle verdas sprÄk. No skal tyske og spanske og kinesiske turistar Þve seg pÄ Ä rygge for aller fyrste gong. Leigebilar, bubilar, campervans, store og mellomstore bussar eigd av kommersielle aktÞrar som kÞyrer med stoppeklokke. No sluttar vi Ä trille barnevogn, lufte hunden, sykle til jobb, gÄ heim frÄ Spar. No mÄ du snart rekne med Ä fÄ ein bubilspegel i skuldra nokre gonger per veke, det er prisen du betalar for Ä ikkje orke Ä kÞyre bil i det trafikkaoset som oppstÄr.
Prognosane frÄ alle hald er at reiselivet skal auke. Nasjonale mediehus slÄr opp saker om innbyggjarar som fÞlar seg usynleggjorde, tilsidesett, vekkprioritert og bittebittesmÄ sett opp mot ei enorm nÊring i rasande utvikling. I TromsÞ, Geiranger, Lofoten. og ogsÄ i Aurland.
Vi som bur i bygda har fÄtt hÞve til Ä kome med tilbakemelding pÄ korleis vi opplever reiselivet lokalt, gjennom ei undersÞking administrert av Vestlandforsking pÄ bestilling av det lokale kommunestyret. Her kjem det fram at 75 prosent av dei som har svara meiner det er for mykje trafikk pÄ smale vegar i hÞgsesong. Det kjem fram mykje, mykje meir som bÄde lokale og regionale myndigheiter mÄ ta pÄ alvor, men no dreier dette seg om veg.
Utfordringa pÄ BjÞrgavegen er kanskje at vegen ikkje er kommunal? Ein fylkesveg, som Vestland fylkeskommune har ansvaret for Ä drifte, medan Statens vegvesen har bygd ut Stegastein utsiktspunkt, og driftar der.
Dei vedkjenner at problema er store, men tiltaka dei planlegg er mest eigna til Ä gjere kvardagen lettare for turistane og reiselivsaktÞrane. StÞrre parkeringsplass, vertskap pÄ parkeringsplassen. Utvide vegen pÄ smale punkt der to gigantiske turistbussar frÄ utlandet kan slite med Ä passera kvarandre.
For oss som bur her, som ferdast langs vegen, og som i mangel av betre og meir forfina uttrykk er drita leie av denne turisttrafikken ... for oss kjem ikkje desse tiltaka til Ä hjelpe. For oss er det ikkje mogleg Ä sameksistera med ein halv million turistar som vil opp i nabolaget vÄrt Ä ta ein selfie.
Etter mÞtet med Ärets fyrste ugreie turist, sit eg att med spÞrsmÄlet: Kva mÄ til? Kan ein innfÞre bompengar for alle som ikkje er lokale? Tillate eit visst tal lokalt eigde turistbussar til visse tider av dÞgnet? Berre tillate elektriske kÞyretÞy (dÄ slepp ein jo bubilane)?
TrĂžyttheiten som reiselivet har skapt i sĂ„ mange av oss â kan vi finne noko vis Ă„ fĂ„ kvilt oss ut pĂ„?
Og kan vi klare Ă„ senke turiststraumen slik at vi som bur her atter kan ha overskot til Ă„ lĂžfte handa mot ein besĂžkjande â ikkje i frustrasjon, men i ein venleg gest â velkomen?