Gjer gløymd gard om til familiehus. Tusenvis følgjer prosjektet deira
Ein nedsliten gard i Viksdalen skal bli ein Førde-familie på fire sin nye heim. Dei gjer alt sjølv, og med heile verda som tilskodarar på YouTube.
(Firda): – Her kan vi eigentleg ikkje gjere så mykje feil. Alt er på null, seier Elin Mari Vallestad Mjåtveit (37) og ler.
Ho og mannen Jarle Mjåtveit (45) sit i ei 1800-tals gardsbu, ved ein eldre, open vedomn. Den er stappfull i sjølvskaffa ved, og knitrar intenst. Skal temperaturen opp her inne, lyt det fyrast hardt.
Rullefortelling - Intro - The forgotten farm
– Vi har tiår med pallekarmdyrking-erfaring frå Grovene i Førde. No må vi opp eit ekstra hakk, seier Jarle og smiler.
Målet er å fylle bu- og driftsplikta ved å dyrke eigen mat, og kanskje på sikt ha dyr. Parallelt skal dei skape ein heim for seg og to ungdommar – og ein hund. Med moderne standard innanfor gammal kledning.
Ein formidabel jobb, for det er verken innlagt vatn, kloakk eller isolert. Gardshusa og bygningane ber elles preg av at modernisering ikkje har vore tenkt på før paret sin gardsdraum vakna til live.
Ein uventa sjanse
Korleis eit godt Førde-ankra par enda opp med å ta eit så livsendrande val, var eigentleg nokså tilfeldig.
– Det var eigentleg litt sånn at vi kjøpte oss ei flott hytte ute i Stavang og var klare for det livet, seier Jarle.
Men som kona legg til: Livet skjer.
På garden dei no eig, budde ein eldre mann med namn Nils. Då han døydde i 2021, hadde han ingen etterkommarar. Ettersom bestemora til Elin Mari var søskenbarnet hans, fekk slekta kjøpe garden.
Elin Mari sin bror slo til, med Jarle og ho som medkjøparar. Seinare vart det klart at broren kjem til å overta familiegarden på Holsen i staden, og Jarle og Elin Mari kjøpte han ut.
Den falleferdige garden var då blitt kjær for dei, og dei brukte meir tid der enn på hytta. Då tok dei eit val: Her skulle dei skape ein heim.
– Vi har alltid likt å ha prosjekt, seier Jarle.
– Ja! Vi må ha noko å gjere, legg Elin Mari til.
Nøkkelturnus – og erfaring
Der er dei ikkje åleine.
Ein skal ikkje ha sett lenge på TV-program som «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» eller «Sinnasnekkeren» for å få servert ivrige nordmenn i hopetal med store planar. Store planar som ikkje heilt spelar på lag med eigne evner, lommeboka – eller hovudfienden: Tid.
Eit rennande timeglas heng også over dei ivrige gardsrenoverarane på Hestad. Tidsfristen deira på 3,5 år skuldast at garden har bu- og driveplikt. Denne fekk dei utsett, men før sommaren 2029 må paret ha gjort garden til ein leveleg heim.
Der har Førde-paret eit ess i ermet, som har vore mykje av nøkkelen til at dei har våga å starte:
Begge jobbar nemleg i ambulansetenesta, noko som gir fleire turnusfrie dagar kvar veke. Slik får dei begge mykje tid til å kunne jobbe på garden.
– Med ein åtte til fire-jobb, ungar i aktivitetar, og dagleg pendling, så hadde vi nok ikkje hatt mykje tid til dette prosjektet, seier Elin Mari.
Dei to går heller ikkje inn i prosjektet som to trenevar.
Før Jarle byrja i ambulansetenesta, jobba han som arkitekt i seks–sju år i Xform. Han dreiv også eit tømrarfirma saman med Elin Mari sin onkel i om lag 1,5 år. Huset deira i Grovene har dei sjølv totalrenovert, og Jarle har frå før renovert eit rekkehus.
BILDESERIE: Bli med rundt på YouTube-garden
Eitt av dei store kommande prosjekta på garden er å byte taket til «Johannastua», som er der familien skal bu. Det vert det fjerde taket Jarle har bytta dei siste fire åra, så han veit kva som ventar.
– Det er heilt urealistisk å gå inn i noko slikt utan å ha kunnskap på førehand. Vi byrjar ikkje på scratch, seier Jarle.
Å gjere jobben sjølv gir to ting: Sparte kroner, og auka eigarskap til prosjektet.
– Hadde ein hatt ti millionar å hive inn til eit lokalt firma, så kunne vi fått oss eit hus på eitt år. Men det er ikkje slik verda funkar, seier Jarle.
Farvel utedo
Stova dei to sit og skildrar framtidsdraumen i, har dei kalla «Nilsbua». Her levde førre eigar Nils levde kummerleg og sparsommeleg, og standarden på stova frå 1800-talet er deretter. Men faktisk er det dette som vert familiens første «heim» i prosjektet.
Planen er å renovere Nilsbua først, og gjere den leveleg nok til at paret kan bruke den som ein base. Slik slepp dei køyreturen til og frå Førde kvar gong, og kan jobbe lengre strekk i slengen – og overnatte.
Utedoen tilhøyrande Nilsbua har dei rive. Den tradisjonen døyr.
Inn skal det komme soverom, inngangsparti, bad, og eit kjøkken for å lage mat. Garden må også takast inn i moderne tid med å få på plass vatn og kloakk.
På sikt må dei også ta taket i Nilsbua, men det er overraskande tett til å vere om lag 200 år gamalt.
«Johannastua» er ingen ungfole heller, med byggeår ein gong tidleg på 1900-talet. Og først ut av storprosjekta der er som nemnt å skifte taket her. Jobben veks med at paret skal gjere på gamlemåten.
– Planen er å bruke opp att skiferen, seier Elin Mari.
Kjøkken skal på plass i begge husa. I toppetasjen i hovudhuset skal tre soverom på plass, og i det heile må det moderniserast mykje.
Først då kjem dei til å flytte frå Førde.
– Det er ikkje berre-berre. Tre og eit halvt år går fort, seier Jarle, som fortel at dei er takknemlege for utsettinga dei fekk, noko han skildrar som avgjerande for at det er realisme i prosjektet.
Eigen YouTube-kanal
Fiberkablane i taket på Nilsbua er også eit hint om parets nokså uvanlege pådrivar i arbeidet. For det som i den spede starten var ei eiga filmdagbok for arbeidet for dei og nær familie, har etterkvart vakse fram til å bli YouTube-kanalen «The forgotten farm».
Med titlar som «I Tried Sanding a 200-Year-Old Floor With Zero Experience» og «What We Found Under This 1800s Floor…» har fleire fått auga opp for Viksdalen-garden, og på kort tid har følgjargruppa teke av.
Kanalen har sidan august i fjor fått over 3100 abonnentar, og dei 29 episodane frå arbeidet i Viksdalen er sett totalt 191.000 gongar.
– Eg trur ikkje folk heilt skjønnar kor store vi har blitt på så kort tid. For det er vanskeleg å få så mange sjåarar og følgjarar så fort, seier Jarle, som er den som styrer mest med kanalen.
Ambulanseturnus hjelper også for ein innhaldsprodusent. Det går om lag ti timar å lage ein snutt på 50 minutt, og det er berre i redigeringsarbeid.
I tilllegg slepper paret ein ny video til fast tid kvar laurdag. Det forpliktar, men er også ei hjelp til å halde ei viss framdrift i prosjektet.
Litt inntekter har det også gitt. I desember månad gav det om lag 3500 kroner før skatt.
– Men det er ikkje det som er hovudmotivasjonen. Det er meir det å dokumentere for eigen del, seier Jarle, som fortel at følgjargruppa også har synt seg å vere svært verdifull i seg sjølv.
For med kvar ny video kjem kommentarar og råd. Ofte frå folk med både erfaring og kompetanse. Det er gull verd for nokon som ikkje kan tape tid på å gjere feil undervegs.
Fjernt, men nært
Lukkast dei med å nå tidsfristen, er eit langvarig byliv over. Då vert familien bønder på landet, men planen er å framleis halde fram som ambulansearbeidarar.
Samstundes er garden ikkje meir landleg enn at Sande berre er ein kort køyretur unna. Og til liks med garden skal også Sande skule no få ein etterlengta modernisering.
Og den gløymde garden som allereie har skapt seg eit namn ute i den store verda, kan kanskje også bli ein utleigeplass. Og for å få husdyr meir enn familiepuddelen Eevee, må den store låven takast tak i. Ideane er mange hos det kreative paret, men enn så lenge har dei blikket fast planta på bustadhusa.
– Når trur de det er realistisk å kunne flytte inn?
– Eg håpar jo å flytte tidlegast mogleg. Det må klaffe med skulebyte og slikt, men eitt og eit halvt år har vore mitt mål, seier Elin Mari.
– Eg tippar det vert tre! seier Jarle og ler.