Til topps med unge og spenstige planar for grøn næringspark
Plus
Ei gruppe frå sjuandetrinnet ved Husnes barneskule vann Kvinnherad-konkurransen i Smartare energi og skal representera kommunen i fylkesfinalen.
Torsdag føremiddag var det lokal finale og den var lagt til Husnes barneskule. I regi av Ungt entreprenørskap Vestland og skulane har konkurransen engasjert elevgrupper på mellomtrinnet ved åtte barneskular i Kvinnherad: Valen, Bringedalsbygda, Åkra, Halsnøy, Husnes, Malmanger, Uskedalen og Omvikdalen.
Oppgåva var ikkje lett:
«Korleis kan vi utvikla Grøn næringspark slik at både område, energi og ressursar blir nytta i industriell symbiose?»
Gruppene hadde arbeidd flittig med oppgåva på førehand «heime» på sine eigne skular, og mange fine modellar for Grøn næringspark var å sjå i Husnes barneskule sitt amfi. Totalt har 132 elevar jobba med Smartare teknologi dette skuleåret.
På presentasjonsdagen stod Ungt entreprenørskap Vestland for opplegget, og dei åtte elevgruppene fekk fem minutt kvar til å presentera forslaga sine. Juryen bestod av Matthias W. Zimmermann frå Newtonrommet, Trond Lekva Myklebust frå Hardanger Biogass og Therese H. Bondhus frå Hydro Husnes.
Rikhaldig
Der til og med kommunen slit litt med kva Grøn næringspark med tida kan fyllast med, hadde vinnargruppa mange handfaste forslag: I tillegg til biogassanlegget som er i ferd med å reisa seg, ser den kreative elevgruppa for seg cruisekai, park, landbasert smoltproduksjon, biogassdrive skip, datalagringsanlegg, drivhus for grønsaker og sementfabrikk med anlegg for CO₂-fangst like ved – sistnemnde nyttig også for Hydro Husnes.
I diskusjonen med juryen etter kåringa, var bruk av spillvarme eit nyttig punkt med tanke på å jobba vidare med næringsparkmodellen før fylkesfinalen.
Dei tre i juryen rosa alle deltakargruppene for gode og kreative forslag, og gav uttrykk for at kampen om sigeren var jamn. Bringedalsbygda fekk andreplassen, men til slutt var det gjengen frå Husnes barneskule som – på heimebane – vart kåra til vinnarar: Markus Nordnes Blokhus, Odin Poudel-Telstø, Julian Sundsteigen Hansen, Maria Offerdal, Mille Ekeland Viken og Anna Kvernenes.
– Me har samarbeidd godt, smilte elevane som fekk medaljar og eit spel til klassen.
Ungt entreprenørskap forklarar prosjektet «Smartare teknologi» på denne måten:
«Smartare teknologi er eit undervisningsopplegg for mellomtrinnet der elevane brukar kreativitet, samarbeid og teknologiforståing for å utvikla løysingar på reelle samfunnsutfordringar».