43 unge artistar er klare – sjå kven som stiller her
Plus
Laurdag er det klart for årets utgåve av UKM i Kvinnherad.
På grunn av for få ressursar vart det ikkje arrangert UKM i Kvinnherad i 2025. Men i år er arrangementet som kjent tilbake på programmet. 7. mars brakar det laus i blackboxen på Husnes.
– Vi har veldig bra påmelding dette året. Det er 23 påmelde innslag med 43 unike artistar. Det må vera veldig bra, seier rektor Kirill Zimin i kulturskulen.
I januar oppmoda han alle om å kasta seg med, uansett kva ein dreiv med.
– Det som er så fint, er at vi no har artistar i mange ulike sjanger. Det er musikk, teater, dans og kunst. Det gler meg veldig, fortel han og held fram:
– Så er det berre å ta turen til oss laurdag, her er alle velkomne for å sjå.
For artistane startar dagen tidleg med lydsjekk for alle og ein kvar, før dørene opnar på ettermiddagen for publikum.
Sjå kva innslag som har meldt seg på her:
Påmelde UKM