Varsla om butikktjuveri: Har video av mistenkt
Plus
Onsdag hadde UP ein trafikkontroll i Tjoadalen, og politistasjonssjef Øystein Torsnes opplyser at 44 førarar vart kontrollerte. Det var ingen reaksjonar knytt til rus eller dokument, ein person fekk bot for manglande bruk av bilbelte.
– Mellom klokka 11 og 12 hadde UP ei hastigheitskontroll i Fresviktunnelen. Her vart høgste hastigheit målt til 96 km/t i 80-sona, seier Torsnes.
Vidare fekk Hardanger politistasjon melding om eit tjuveri frå ein butikk i Odda sentrum. Gjerningspersonen hadde gått frå staden då politiet kom, men eit videoopptak gjer at politiet har ein mistanke om kven mannen kan vera.
– Det vart tatt varer for mellom 1000 og 2000 kroner. Saka er meld, avsluttar Torsnes.
Videoer i HF (Legg denne linken inn i artikler)
🏷️ Extracted Entities (7)
Øystein Torsnes
(person)
UP
(entity)
Fresviktunnelen
(entity)
HF Legg
(organization)
Hardanger
(entity)
Odda
(entity)
Tjoadalen
(entity)