Nei, dette er ikkje eit busstopp
Plus
Trafikale problem i FĂžrde sentrum.
Politiet mÄ dirigere trafikken i FÞrde sentrum fredag ettermiddag.
Ein Firda billag-buss har stoppa midt i sentrum i Naustdalsvegen, ved krysset mellom Alti og Elvetorget.
Sidan det er midtrabatt utan passering, mÄ politiet dirigere trafikken gjennom byen.
Ein representant frÄ Firda billag pÄ staden fortel Firda at dei ikkje veit kvifor bussen har stansa. Dei jobbar med Ä finne feilen.
Etter kvart har trafikken som skal nordover blitt dirigert om, anten via parkeringsplassen til Elvetorget eller over Langebrua og Langebruvegen. Det skal no gli greitt gjennom byen. Det er nok hell i uhell at det er fredag ettermiddag.
Kl. 17.30 er Viking pÄ plass med bergingsbil:
đ·ïž Extracted Entities (8)
Ein Firda
(person)
Elvetorget
(entity)
FĂžrde
(entity)
Alti
(entity)
Langebrua
(entity)
Langebruvegen
(entity)
Naustdalsvegen
(entity)
Viking
(entity)