– Eg tenkte det var veldig synd at Firda ikkje var her
Plus
Det meinte ungdomskoordinator Eli Britt Danielsen då Ungdommens kulturmønstring (UKM) gjekk av stabelen i Førdehuset i år.
Fredag var det igjen klart for UKM i Førdehuset.
På scena stod ungdom frå heile kommunen med song, band og andre sceneinnslag.
I alt var det 25 innslag i årets arrangement, og arrangørane fortel om både stor variasjon og høgt nivå, seier arrangørane.
– Eg tenkte det var veldig synd at Firda ikkje var her, fordi nivået er så høgt i år, seier ungdomskoordinator Eli Britt Danielsen.
Ho organiserer arrangementet saman med ungdomskoordinator Mai Kristin Tidemansen. Og fekk altså besøk av Firda til slutt.
Nervøse for nivået
UKM i Førde har i fleire år hatt ein fast gjeng med ungdommar som deltek år etter år.
– Vi har ungdommar som blir med frå dei er 13 år, og mange held fram heilt til dei er 20, seier Tidemansen.
I fjor forsvann mange av dei mest erfarne deltakarane fordi dei hadde blitt for gamle.
Det gjorde arrangørane litt usikre i år.
– Vi var litt nervøse for om kvaliteten skulle gå ned, men det har han ikkje gjort i det heile tatt, seier ho.
Samtidig er det mange nye namn på deltakarlista.
Ungdom styrer mykje sjølve
UKM er ikkje berre artistane på scena.
Ungdom er også med på store delar av produksjonen, frå teknikk til organisering.
– Dei er med både backstage, på scena og bak scena. Det er ungdom som hjelper til med mykje av produksjonen, seier Danielsen.
Begge arrangørane trekk fram stemninga i salen.
– Det er veldig god stemning både i publikum og mellom ungdommane.
Punkband med store planar
Eit av banda som stod på scena, var Bilkræsj Bandyklut.
Bandet består av Holly Storøy og Caspar Stæger-Breisnes, og musikken deira er ei blanding av punk og alternativ rock.
– Vi brukar trommemaskin, og så spelar vi gitar begge to, fortel dei.
Planane framover er heller ikkje små.
– Vi har lyst til å lage ein slags mockumentary om oss sjølve og spele inn musikk som vi legg ut på internett, seier Storøy.
Så kjem det med eit smil:
– Vi planlegg å bli det største bandet i Norge.
Beatles på scena
Aksel Roko Eide (15) hadde nettopp gått av scena då Firda snakka med han.
– Det gjekk veldig bra, seier han.
Han framførte Beatles-låta Golden Slumbers.
– Eg fekk stor applaus, og det var veldig kjekt.
Aksel byrja på kulturskulen i 5. klasse på Vassenden.
– Eg byrja å lære litt gitar sjølv, men no har eg begynt med gitartimar.
På spørsmål om framføringa gav meirsmak, svarar han litt ettertenksamt:
– Kanskje. Eg er litt usikker.
Siste året på UKM
For Alice Tuyisenge-Philbert (19) er UKM snart historie.
Ho har vore med heile fem gonger, men i år er siste sjansen.
– Neste år skal eg på folkehøgskule på Bømlo, fortel ho.
På scena song ho to låtar, mellom anna Lovely av Billie Eilish.
– Eg gir dessverre opp UKM no, men det viktigaste er å ha det gøy – og det har vi.