Herold

Snart kan du planleggje og kjøpe billett på same stad

Plus
Kilde: Firda Author: Jim Steven Igland Published: 2026-03-06 20:15:52
Snart kan du planleggje og kjøpe billett på same stad

Den 9. mars kjem Skyss med ein heilt ny app der du kan planlegge kollektivreisa og kjøpe billett på same stad.

(Firdaposten): For pendlarar som reiser med buss, båt eller Bybanen i Vestland, har det til no vore naudsynt å bruke fleire appar – Skyss Reise, Skyss Billett og Skyss Bestilling – for å planleggje, kjøpe billett og bestille reise.

No blir alt samla i éin enkel app som heiter – ganske enkelt – Skyss.

I den nye appen kan du søkje etter reisealternativ og kjøpe billett på same stad, for alle reiser med Skyss i heile Vestland fylke.

Applikasjonen blir tilgjengeleg i Apple App Store og Google Play frå 9. mars, og brukarane av dagens Skyss Reise får automatisk oppdateringa til den nye appen.

Skyss Billett kan framleis brukast ei stund

Har du ein gyldig billett i dagens Skyss Billett, kan du bruke denne til han går ut før du byter til den nye appen. Det er nemleg ikkje mogleg å flytte eksisterande billettar over til den nye Skyss-appen.

Om du har tent opp reiserabatt, blir heller ikkje denne overført. Oppteninga startar på nytt i den nye appen.

For dei som brukar Skyss Bestilling, vil denne tenesta halde fram parallelt med den nye appen ei stund framover, slik at du sjølv kan velje om du vil bruke Skyss eller Skyss Bestilling for bestillingsbuss i område der dette finst.

Fakta om den nye Skyss-appen

Ein kan lære meir om den nye appen på skyss.no/app.

🏷️ Extracted Entities (7)

Skyss Billett (person) Vestland (place) Apple App Store (person) Bybanen (entity) Google Play (person) Skyss Bestilling (person) Skyss Reise (person)