Herold

Sjokkert og trist: Nokon gjekk inn i bua og øydela motorsykkelen

Plus
Kilde: NH Author: Vegard Flatøy Published: 2026-03-06 15:22:30
Sjokkert og trist: Nokon gjekk inn i bua og øydela motorsykkelen

– Det er ekkelt å tenke på. Bua er like ved soveromsvindauget.

16 år gamle Josef har spart i lang tid for å nå målet om eigen lettmotorsykkel. No er våren snart komen og han har gledd seg til å byrje med køyretimar og kome seg på vegen.

Denne veka skulle han ut i bua for å sjå til sykkelen, men vart sjokkert over det som møtte han.

Då han ikkje fekk start på motoren, tenkte han at det kanskje var flatt batteri, eit vanleg problem for køyretøy som har stått stille ei stund.

Men han oppdaga raskt at problemet var mykje større. Alle leidningane på sykkelen var kutta av eller røska ut.

– Då skjønte vi at nokon hadde vore her. Vi blei berre heilt fortvila, seier mor, Semia Hermes Laroui.

Meiningslaust

Bua står ulåst, men at nokon skulle ta seg inn i dit for å øydelegge, hadde familien aldri trudd.

– I går gjekk eg til sengs med ei rar kjensle. Har vi låst dørene? Er det trygt? Er det nokon som vil oss vondt? Det heile er berre meiningslaust.

Ho spør seg om det verkeleg er blitt slik, at alt må låsast inn i Knarvik.

– Det er ekkelt å tenke på. Bua er like ved soveromsvindauget.

Familien har ingen idé om kven som kan ha gjort ugjerninga.

Saka er meldt til politiet og dei har vore i kontakt med forsikringsselskapet. Svaret dei har fått er at forsikringa ikkje dekker denne typen skader.

Utgifta blir difor stor for 16-åringen som har spart i eit år for å få råd til sykkelen. I tillegg kjem kostnaden til sertifikatet som han skal i gang med.

No vurderer han å selje skia sine for å kunne reparere motorsykkelen.

Jobba hardt for sykkelen

Semia Hermes Laroui er fortvila over det meiningslause hærverket og for korleis det påverkar sonen hennar.

Josef er ein ivrig dommar i barne- og ungdomsfotballen, og det er slik han har tent pengane for å kjøpe motorsykkelen. Planen var å bruke tohjulingen til å kome seg rundt til dei ulike banene.

– No er vengjene kappa, seier Semia.

Fredag ettermiddag hadde dei besøk av ein motorsykkelekspert for å vurdere skadene.

Han hadde ikkje gode nyheiter. Heile kabelnettet er øydelagd, og det vil koste mellom 10- og 15.000 kroner å fikse dette.

- Det er ikkje pengar eg har og det er heller ingen som vil kjøpe den slik den står no. Dette er det kjipaste som har hendt meg, seier Josef.

🏷️ Extracted Entities (3)

Semia Hermes Laroui (person) Josef (entity) Knarvik (place)