Hvem skal styre Iran etter Khamenei?
Etter 36 Är ved makta er Ali Khamenei dÞd. Fleire namn blir no trekte fram som etterfÞlgarar.
Irans Þvste leiar kan alt vere peikt ut etter drapet pÄ ayatollah Ali Khamenei.
Han hadde vore landets Þvste leiar sidan 1989, med siste ord i alle sentrale politiske og militÊre spÞrsmÄl.
Tysdag kveld meldte eksilkringkastaren Iran International at sonen hans, Mojtaba Khamenei, er peika ut til ny Ăžvste leiar i Iran.
Opplysningane er fĂžrebels ikkje stadfesta av iranske styresmakter eller fleire uavhengige kjelder.
Torsdag kastar USAs president Donald Trump seg inn i diskusjonen om kven som bĂžr ta over etter Khamenei.
Desse kan ta over
Fleire namn blir no trekte fram som moglege etterfĂžlgarar.
Regimet:
Politikarar og religiĂžse leiarar som Ăžnsker Ă„ halde fram dagens maktsystem og den islamske republikken slik han er.
- Mojtaba Khamenei â son av Ali Khamenei. Blir rekna som ein innflytelsesrik maktfigur bak kulissane, men kontroversiell pĂ„ grunn av frykt for arvefĂžlge.
- Alireza Arafi â konservativ religiĂžs leiar og medlem av den mellombelse leiinga.
- Ali Larijani â Tidlegare parlamentspresident i Iran og ein sentral konservativ politikar.
- Hassan Khomeini â barnebarnet til revolusjonsleiaren Ruhollah Khomeini. Ein religiĂžs leiar som blir sett pĂ„ som eit meir moderat alternativ innanfor systemet. Hassan Khomeini stĂ„r framfor eit portrett av hans bestefar og revolusjonsleiar ayatollah Rohollah. Foto: Office of the Iranian Supreme Leader / Wana News Agency,NTB
Reformistar:
Politikarar som Ăžnsker politiske og Ăžkonomiske endringar som gir folk stĂžrre fridom, men som framleis vil arbeide innanfor den islamske republikken og systemet rundt den Ăžvste leiaren.
- Hassan Rouhani â tidlegare president i Iran. Blir rekna som ein meir pragmatisk og reformorientert politikar.
- Javad Zarif â Tidlegare utanriksminister og toppdiplomat i Iran og ein av arkitektane bak atomavtalen i 2015. Hassan Rouhani, var president frĂ„ 2013 til 2021 i Iran. Foto: Seth Wenig / TT NYHETSBYRĂ N,NTB
Opposisjonen:
Personar og grupper som Ăžnsker stĂžrre politiske endringar eller eit nytt styresett, ofte utanfor det eksisterande systemet.
- Reza Pahlavi â son av Irans siste sjah og opposisjonsfigur i eksil. Han har levd i eksil sidan 1979. Han har lagt fram ein plan for ein overgangsperiode etter eit eventuelt regimeskifte
- Narges Mohammadi â menneskerettsaktivist og Nobels fredsprisvinnar i 2023. Narges Mohammadi, tidlegare vinnar av Nobels fredspris. Foto: - / AFP / NTB
Trump Ăžnsker Ă„ vere involvert i leiarval
â Eg mĂ„ vere involvert i utnemninga, slik som med Delcy RodrĂguez i Venezuela, seier den amerikanske presidenten til Axios.
Han viser til den amerikanske aksjonen ved Ärsskiftet der Venezuelas president Nicolås Maduro blei tatt til fange og frakta til USA.
EtterpĂ„ tok visepresident Delcy RodrĂguez over som fungerande president.
Trump meiner samtidig det er uakseptabelt at Mojtaba Khamenei tar over etter faren.
â Dei kastar bort tida. Khameneis son er ein lettvekta.
USAs president Donald Trump vil vere med Ă„ bestemme kven som skal leie Iran.
Trump seier vidare at USA Þnsker ein leiar som kan skape «stabilitet og harmoni» i landet.
Landet har per no sett inn eit mellombels leiarrÄd, ifÞlge fleire iranske medium.
Dette er rÄdet:
Usikker overgang i krig
Banafsheh Ranji, postdoktor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap pÄ NTNU, meiner situasjonen i Iran er sÄ uoversiktleg at det er vanskeleg Ä peike ut ein klar arvtakar.
â Det er svĂŠrt uklart kven som kan ta over. Vi veit ikkje eingong kven av toppleiarane som vil overleve dei pĂ„gĂ„ande angrepa. Situasjonen endrar seg frĂ„ dag til dag, seier ho.
IfĂžlge Ranji bremsar krig ofte politiske endringsprosessar.
â I ein krigssituasjon blir politiske overgangsprosessar ofte sett pĂ„ pause. Det er langt meir sannsynleg at eksisterande maktstrukturar held fram enn at eit nytt system oppstĂ„r raskt.
RĂžyken stig over Irans hovudstad Teheran etter israelske og amerikanske angrep.
Ho peikar ogsÄ pÄ at utanlandske aktÞrar i ein slik situasjon fyrst og fremst er opptekne av stabilitet.
â For eksterne aktĂžrar handlar det mindre om kven som blir leiar, og meir om at det finst nokon dei kan forhalde seg til.
Avviser at Iran manglar opposisjon
Fleire analytikarar har peikt pÄ at den iranske opposisjonen er splitta og manglar eit tydeleg politisk alternativ til regimet.
Ranji meiner det er feil Ă„ framstille Iran som eit land utan opposisjon.
â Det stemmer ikkje at Iran manglar opposisjon. Det finst sterke sosiale rĂžrsler inne i landet, kvinnebevegelsar, arbeidarar, lĂŠrarar og fagforeiningar som held fram trass i undertrykkinga.
Ho understrekar at eksistensen av politiske fangar nettopp viser at motstanden lever vidare.
â Opposisjonen eksisterer, men har ikkje hatt hĂžve til Ă„ organisere seg fritt eller konkurrere politisk.
Ingen samlande opposisjonsfigur
IfÞlge forskaren gjer bÄde politisk undertrykking, og stort sosialt mangfald det vanskeleg Ä samle landet bak éin alternativ leiar.
â Iran er eit svĂŠrt mangfaldig samfunn med mange etniske grupper, noko som gjer det lite sannsynleg at Ă©in opposisjonsfigur kan samle heile landet.
Ho meiner difor at framstillinga av til dĂžmes eksilprins Reza Pahlavi som ein samlande kandidat gir eit forenkla bilete.
Reza Pahlavi er son av Irans siste sjah. Overgangsplanen hans blir av nokre sett pÄ som ein mogleg veg til eit demokratisk Iran, medan andre kritiserer han for Ä gi for mykje makt til éin overgangsleiar.
â Pahlavi har stĂžttespelarar, sĂŠrleg i eksil, men han representerer berre Ă©in del av opposisjonen. Det finst ingen dokumentasjon pĂ„ at han samlar fleirtalet av iranarar.
â Narrativet om at alle iranarar samlar seg bak Ă©in opposisjonsfigur, er misvisande.
Ranji er ogsÄ feministisk og antirasistisk aktivist, men uttaler seg her som forskar.
Splitta syn pÄ kven som kan samle Iran
Samstundes gÄr det fÞre seg ein diskusjon blant iranarar, bÄde i og utanfor landet, om kven som kan samle Iran dersom regimet fell.
Sarah Gaulin, dagleg leiar i organisasjonen Likestilling, integrering og mangfald (LIM), meiner eksilprins Reza Pahlavi framstÄr som ein av dei fÄ tydelege samlande figurane
â Mi oppfatning er at mange roper og heiar pĂ„ Reza Pahlavi, fordi han er kandidaten som samlar flest. Namnet hans blir ropa i gatene, og han har ein plan og noko konkret Ă„ vise til, seier ho.
OgsÄ stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) har uttrykt stÞtte til Reza Pahlavi som overgangsleiar for Iran, mellom anna til VG.
Ayatollah Ali Khamenei, leia Iran i nÊrmare 40 Är.
Gaulin seier ho fryktar eit maktvakuum dersom regimet fell utan eit klart alternativ.
â Eg ser dessverre ikkje at det er andre kandidatar som blir lĂžfta fram. NĂ„r vi ikkje har andre alternativ, kan vi fĂ„ situasjonar som i Syria eller Afghanistan.
Pahlavi har samstundes vore kritisert for at hans overgangsplan gir for mykje makt til ein leiar og for banda til det autoritĂŠre styret under faren fĂžr revolusjonen i 1979.
Gaulin meiner eksilprinsen har forplikta seg til ei mellombels rolle.
â Han har lagt fram dokument og konkrete planar. Dersom han ikkje held det han lovar, trur eg iranarane raskt vil gĂ„ ut i gatene igjen.
Ă tvarar mot eksilprinsen
Siavash Mobasheri, gruppeleiar for Raudt Oslos bystyregruppe meiner pÄ si side at det er feil Ä peike ut ein ny leiar, fordi vi ikkje veit kva iranarar i Iran vil ha.
â Vi veit ikkje om dei vil ha republikk, monarki eller noko anna, fordi dei aldri har fĂ„tt stemme fritt om det.
Han er sĂŠrleg kritisk til at iranarar i eksil skal definere framtida til landet.
â Eg meiner det er prinsipielt feil at vi i eksil skal kome med ein kandidat og definere kven som skal ta makta.
Han pÄpeikar at Iran er eit land med over 90 millionar innbyggarar, og mange folkegrupper med ulike interesser.
â Pahlavi har ei viss stĂžtte, men vi veit ikkje kor stor den er.
Mobasheri Ätvarar mot Ä samle makt hos éin person.
â Khomeini sa ogsĂ„ i 1979 at han berre skulle vere ein mellombels figur. Historia viser kor raskt «midlertidig» kan bli permanent nĂ„r makt fĂžrst er konsentrert.
BÄde Gaulin og Mobasheri peikar pÄ at det internasjonale samfunnet kan fÄ ei viktig rolle dersom Iran gÄr inn i ein overgangsfase, mellom anna gjennom stÞtte til demokratiske institusjonar.
Utanriksredaksjonen i NRK fÞlger utviklinga tett. FÞlg med pÄ podkasten her: