Mona Juul og Terje Rød-Larsen: Frå fredsarbeid til korrupsjonssikting
Dei vart hylla for fredsarbeidet i Midtausten, og var hovudpersonar i teaterstykke på Broadway. Så kom 3 millionar Epstein-filer. No er leilegheita ransaka og ekteparet korrupsjonssikta.
OSLO-AVTALEN: Slik feira dei avtalen. Shimon Peres kyssa Mona Juul på panna, medan Yitshak Rabin og Terje Rød-Larsen gratulerte kvarandre.
Fredsskaparane som vart nære med ein overgripar
Dei vart hylla for fredsarbeidet i Midtausten, og var hovudpersonar i teaterstykke på Broadway. Så kom 3 millionar Epstein-filer. No er leilegheita ransaka og ekteparet korrupsjonssikta.
Oslo-avtalen: Handtrykket
President Bill Clinton ser Israels statsminister Yitzhak Rabin (til venstre) og PLOs formann Yasir Arafat gir kvarandre sitt handtrykk.
- Bill Clinton strekker ut armane, medan han ser på den historiske augneblinken.
Israels statsminister Yitzhak Rabin og PLOs formann Yasir Arafat gir kvarandre sitt handtrykk for fred.
Det var nærast utenkeleg. Palestinarane og israelarane hadde knapt snakka saman.
Etter hemmelege forhandlingar er den første Oslo-avtalen i boks. Eit såkalla vegkart for fred.
Heilt sentrale i prosessen er diplomaten Mona Juul og samfunnsforskaren Terje Rød-Larsen.
Når avtalen blir signert, står dei saman med partane.
Yasir Arafat (til venstre), Shimon Peres og Yitzhak Rabin. Rabin blir drepen året etter av ein religiøs ekstremist og motstandar av Oslo-avtalen.
Året etter blir det heile krona med Nobels fredspris til Yasir Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin.
Noreg sitt fredsarbeid blir kjent for heile verda.
På nasjonaldagen blir heltane intervjua i Slottsparken:
Ekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul blir hylla på 17. mai 1994.
Også tidlegare president Jimmy Carter er i Oslo denne nasjonaldagen for å kaste glans over ekteparet sitt arbeid, med pengar og pris.
No ligg verda for toppdiplomatane sine føter.
Rød-Larsen blir først hyra som spesialrådgjevar i Midtausten-spørsmål i Utenriksdepartementet (UD), før han raskt vert utnemnd til undergeneralsekretær i FN i New York.
I 1996 returnerer han til Oslo for å vere planleggingsminister i Thorbjørn Jagland si regjering ein dryg månad.
Terje Rød-Larsen fotografert under opninga av givarlandskonferansen på Holmenkollen Park Hotel i Oslo 2004.
Ubetalt skatt på aksjegevinst i 1986 gjorde det til ei kort affære. Han fekk også Økokrim på nakken, som gav han bot på 50.000 kroner.
Les vidare om:
- [Støre om støtta til IPI](#Støre om IPI)
- [Besøket på Epstein-øya rett etter Virginia Guiffre stod fram](#besøker øya)
- Gåver, middagar og praktikant-rekruttering
2005: Terje Rød-Larsen blir leiar for IPI
Ti år seinare blir Rød-Larsen leiar for International Peace Institute (IPI).
IPI ligg tvers over gata for FN-bygget i New York, og her klarer Rød-Larsen å danne eit mektig nettverk.
Her samlar han fleire av verdas makttoppar for mingling på takterrassen.
Frå venstre: IPI-direktør Terje Rød-Larsen, kronprinsesse Mette-Marit, forfattar Greg Mortenson, Christiane Amanpour frå ABC News, kronprins Haakon og UNDP-leder Helen Clark under kronprinsparets besøk ved International Peace Institute (IPI) i New York i 2010.
IPI er ein uavhengig tankesmie, og er etterfølgjaren til International Peace Academy, som vart etablert i 1970.
IPI leverer forsking og analysar, og legg til rette for uformelle diskusjonar om prosessar i FN, samt tema og konfliktar som står på FNs dagsorden.
I september i 2012 er også NRK på plass, og fangar både Rød-Larsen og dåverande generalsekretær i Europarådet, Thorbjørn Jagland, med linsa:
Utdrag frå Dagsrevyen-reportasje med besøk på IPI 30. september 2012.
Sjølv om enkelte meiner den diplomatiske stjerneglansen er ufortent, fordi palestinarane kom dårleg ut av Oslo-avtalen, nyt Rød-Larsen framleis godt av triumfen i Midtausten.
Noreg løyver mykje pengar til instituttet. I perioden 1997 til 2018 mottok IPI til saman 130,6 millionar kroner i tilskot.
Norges støtte til International Peace Institute (IPI)
1997: 1.268.000
1998: 1.196.000
1999: 1.563.000
2000: 2.476.000
2001: 1.350.000
2002: 576.000
2003: 2 980 000
2004: 3.130.000
2005: 6.098.000
2006: 4.000.000
2007: 11.100.000
2008: 11.100.000
2009: 11.000.000
2010: 8.000.000
2011: 8.000.000
2012: 9.030.000
2013: 8.000.000
2014: 12.554.000
2015: 11.854.000
2016: 5.800.000
2017: 5.000.000
2018: 4.500.000
Totalt: 130.575.000 kroner
Kilde: Regjeringen
– IPI var ein av organisasjonane vi støtta fordi vi meinte det var i Noreg si interesse, og gav tilgang til møte i og rundt FN-systemet.
Det seier statsminister Jonas Gahr Støre i eit intervju med NRK om dette i dag.
Bill Gates på eit IPI-arrangement.
– Korleis stiller det seg no, at Noreg samla har bidrege med meir enn 100 millionar kroner til IPI?
– Det er jo over veldig mange år, dette. Også frå før Terje Rød-Larsen kom dit. Igjen, eg meiner dette var ein organisasjon som kunne gi oss moglegheiter til å nå lenger med norsk politikk. Det var grunnlaget. Og det var også lenge før det var nokon kunnskap om Epstein sine forbindelsar til Terje Rød-Larsen, svarer Støre.
Epstein-dom i 2008
Vi spolar tida tilbake til 2008.
Då nådde Jeffrey Epstein sitt namn for første gong overskriftene internasjonalt.
Etter fleire år med etterforsking, blir Epstein i 2008 dømt for kjøp av seksuelle tenester frå ein mindreårig. Han må sone ein dom på 18 månader.
Også i norsk presse får saka omtale, spesielt det sensasjonelle i at ein så styrtrik forretningsmann med forbindelsar til både Bill Clinton og Donald Trump, blir dømt for noko slikt.
Kort tid etter soninga, i februar 2010, blir Epstein kalla inn for å gi ei vitneforklaring:
Jeffrey Epstein blir avhøyrt i samband med eit søksmål i 2010.
Kontakt mellom Rød-Larsen og Epstein
Nokre månader etter at Epstein blir grilla med spørsmål, i november 2010, ligg det ein e-post Terje Rød-Larsen har forfatta i innboksen til Epstein.
Da hadde Epstein spora opp Rød-Larsen våren 2010, viser e-postar Dagens Næringsliv (DN) har funne.
Tonen i e-posten denne seinhausten er vennskapeleg. Rød-Larsen seier han er på fotball med sonen.
Deretter held kontakten mellom dei to fram.
Virginia Guiffre står fram
Biletet av Andrew og Virginia Giuffre gjekk verda over.
- mars 2011 vaknar britane til skakande overskrifter.
Virginia Giuffre (den gong Roberts) fortel om korleis ho som 15-åring vart «sex-slave» for Epstein, og lånt ut til dei rike vennane hans.
Blant dei dåverande prins Andrew av Storbritannia.
Eit bilde av ho som 17-åring og Andrew sirkulerte breitt sidan.
Andrew nekta for skuldingane, men betale 165 millionar kroner til Giuffre i eit forlik for å unngå ei rettssak.
Besøker Epstein si øy
Epstein-øya Little St. James Island.
Seinare same månad, 22. mars, foreslår Epstein at Rød-Larsen, Juul og barna deira skal kome på dagstur til øya hans. Seksualforbrytaren foreslår at dei kan flyge med hans privatfly.
Den vidare dialogen tyder på at dagsturen blir noko av nokre dagar seinare.
DN var først ute med å skrive om denne turen.
Ein månad seinare blir heile familien på ny ført opp på ei passasjerliste for ein planlagt tur med Epstein sitt privatfly i mai 2011.
På spørsmål frå DN om kontakta med Epstein, har ikkje Juul nemnt besøket til øya før det kjem fram i dei ferske dokumenta.
– Eg ser likevel i ettertid at eg burde vore langt meir varsam. Det gjeld også eit kort privat besøk i 2011, medan eg var i permisjon frå UD, som eg i dag erkjenner at eg burde ha handtert annleis, sa Juul til NTB 2. februar.
Gåver og middagar
I perioden 2010 til 2019 har Rød-Larsen og Epstein omfattande kontakt.
Rød-Larsen har mange middagar med Epstein og hans mektige nettverk, og familien får ferieturar og gåver.
Dei to yngste borna får blant anna kvar si Apple Watch av Epstein.
Her er Terje Rød-Larsen (ved enden av bordet) på middag i leilegheita til Epstein. Rundt bordet sit også tidlegare statsminister av Israel, Ehud Barak, og daverande president av Mongolia Tsakhia Elbegdorj.
Epstein overfører også store summar til Rød-Larsens IPI.
Samla skal det vere snakk om kring 650.000 dollar, som utgjer nesten 6,2 millionar kroner etter dagens kurs. Det viser ein rapport frå KPMG.
Epstein sponsar Oslo-førestilling på Broadway
Epstein bidreg også økonomisk for å framheve ekteparet Rød-Larsen/Juul sine bragder.
I 2016 har teaterstykket «Oslo», om Oslo-prosessen på 90-talet, premiere på teater i New York.
I 2017 betaler Epstein for ein spesialvisning for FN-diplomatar, ifølgje Dagens Næringsliv. Prisen var 150.000 dollar, viser undersøkingar gjort av KPMG.
Terje Rød-Larsen og Mona Juul er dei sentrale personane historia er dreia rundt.
Førestillinga blir seinare ein film i 2021, med Steven Spielberg som ein av produsentane.
Bilete frå filmen «Oslo».
Involvert i bustadkjøp
I 2018 spelte Epstein ei sentral rolle då Rød-Larsen og Juul fekk kjøpt ei leilegheit på Frogner langt under marknadspris.
Seljar Morits Skaugen har sagt til NRK at salet ikkje var frivillig, og at han vart pressa hardt av Epstein.
Denne e-posten mellom Epstein og advokaten til Rød-Larsen og Juul, viser korleis Epstein jobba i kulissene:
Rød-Larsen sin forsvarar, John Christian Elden, har forklart at det var ein opsjon på leilegheita til ein annan pris, og at det er forklaringa på salsprisen.
Hjelper kvarandre med rekruttering
I åra Rød-Larsen og Epstein har kontakt, hjelper dei kvarandre med rekruttering.
NRK har vore i kontakt med to russiske kvinner som først jobba for Epstein og seinare fekk jobbe for Rød-Larsen og IPI. Dei to seier dei i dag er offer for seksualforbrytaren.
Unge praktikantar jobba både hos Jeffrey Epstein og IPI. Ein praktikant som NRK har snakka med, hevdar ho er blant Epstein sine offer.
Også Dagens Næringsliv har omtalt dette.
Epstein blir arrestert
Relasjonen mellom Rød-Larsen tek brått slutt i juli 2019.
Då vert Epstein på ny arrestert, mistenkt for å ha forgripe seg på fleire titals mindreårige jenter – nokre så unge som 14 år.
Epstein vart arrestert i 2019.
Berre ein månad seinare, 10. august 2019, blir Epstein funne død på fengselscella si.
Han var då sikta for blant anna menneskehandel og seksuelle overgrep mot jenter og unge kvinner.
Dette skal vere cella kor Epstein vart funnen død.
Han risikerte 45 år i fengsel.
Varsel til UD
I desember same året tikker det inn eit varsel til Utanriksdepartementet (UD).
Det handlar om tankesmia IPI, kor Terje Rød-Larsen framleis sit som leiar.
«Desse praktikantane var alle unge, vakre kvinner, utan den utdanninga som krevjast for å jobbe i tenkjetanken», stod det i varselet. Vidare står det:
«Dei var der ei kort periode, og i løpet av tida si der besøkte dei også FN-bygget for å bli tatt bilde av. Desse bilda vart sendt til herr Epstein».
UD sender notatet vidare til Riksadvokaten, som igjen sender saka vidare til ansvarlege styresmakter for Epstein-etterforskinga i USA.
Ine Eriksen Søreide har opplyst om at dei mottok eit varsel i 2019. Dette vart vidaresendt til Riksadvokaten.
I ei VG-sak kjem det fram at dette varselet var upresist.
Det skal ha vore snakk om ei kvinne.Og det var kvinna sjølv som sende bilda til Epstein.
Rød-Larsen går av
- oktober 2020 går Terje Rød-Larsen av som leiar for IPI. Det stadfestar styret etter eit ekstraordinært møte.
Det er linken til Epstein som er årsaka til det heile.
Dei nye filene
Litt over fem år seinare, 30. januar i år, får verda sjå kring 3 millionar Epstein-filer. Det vere seg e-postutvekslingar, SMS, bilde og video.
Alt er henta inn av amerikansk politi i etterforskinga av seksualforbrytaren.
Kva slags omgang Epstein hadde med fleire av verdas makttoppar kjem for ein dag. Men spesielt relasjonane til fleire i det norske maktsentrum skaper overskrifter internasjonalt.
Blant dei relasjonen Epstein hadde med toppdiplomat-ekteparet Rød-Larsen og Juul.
Rød-Larsen og Juul blir sikta
Terje Rød-Larsen og Mona Juul ved tenninga av juletreet i London 6. desember 2018. Juul var då Noreg sin ambassadør i landet.
februar går Juul av som ambassadør til Jordan og Irak.
februar opnar Økokrim etterforsking av Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Juul er sikta for grov korrupsjon, medan ektemannen Rød-Larsen er sikta for medverknad til grov korrupsjon.
Og leilegheita på Frogner, som dei fekk kjøpt etter mykje om og men, er ransaka av politiet.
Dei nektar begge straffskuld.
Rød-Larsen sin forsvarar, John Christian Elden, har sagt han var overraska over siktinga.
– Rød-Larsen er sikker på at saka til slutt blir lagt vekk, sa Elden då siktinga vart kjent.
Mona Juul har via sin forsvarar, Thomas Skjelbred, uttalt at ho angrar på kontakten med Epstein. Samstundes kjenner ho seg ikkje igjen i siktinga.
– At ho i dag erkjenner at ho har utvist dårleg dømmekraft ved å ha kontakt med Epstein, betyr ikkje at ho har opptredd i strid med straffelova, har Skjelbred sagt.