Ønskjer 17. mai-feiring på skulen
Plus
Den siste tida har det lege underskriftslister på butikkane på Dale, der målet er at 17. mai igjen skal feirast på skulen – ikkje i Turbinen. Nede i saka kan du seia kva du meiner om dette.
Det er ein gjeng med damer, som har samlingsstad på kafeen til Petersens Handleri, som står bak listene. Kirsten Lid og Åse Rødland er to av dei som meiner det no er på høg tid at feiringa av grunnlovsdagen kjem tilbake til Dale sentrum.
Flytta på grunn av riving
- 17. mai-feiringa vart i si tid flytta frå den gamle skulen og til Turbinen fordi skulen vart riven. Men no bør ein komma seg tilbake til sentrum av bygda. Turbinen er ikkje noko eigna lokale til feiringa, det er ikkje koseleg der i det heile og det er langt å gå for folk utan bil, seier Lid og Rødland.
Dei meiner at det naturlege er at feiringa av 17. mai er i sentrum, der prosesjonen også startar.
- Dei siste åra har folk møtt fram i sentrum, og gjerne parkert bilen der. Så har ein gått den nye ruta, som har enda opp i Turbinen. For eldre folk som er dårlege til beins, er dette ikkje noko god løysing, meiner Åse.
- Må støtta opp om sentrum
Kirsten Lid er oppteken av å støtta opp om Dale sentrum, og at det skal vera liv og røre der. Ho meiner også at paviljongen i Lauvgardsvegen bør takast meir i bruk i ulike samanhengar.
- Me må ha eit levande sentrum med folkeliv, og 17. mai er ein av dagane som eignar seg godt for dette. Både kulturarrangement og andre hendingar bør i størst mogleg grad leggjast til Gatå og sentrum, slik at ein byggjer opp rundt sentrumsfunksjonane, meiner Kirsten.
- Skulen og Dalesalen passar
Dei to Dale-damene meiner det nye skulebygget og Dalesalen vil fungera fint for ei 17. mai-feiring.
- Me har fått ein fin skule og ein samfunnssal som skal erstatta Dalehallen. Då bør me også bruka desse sentrumsfunksjonane og ta tilbake tradisjonane som var før Turbinen vart teken i bruk på grunnlovsdagen. På skulen er det nok areal, bord og stolar – og eit kjøkken som er større enn i Turbinen. Også uteområdet, med leikeapparat og det heile, er mykje betre enn ved Turbinen.
Dei peikar på at 17. mai er ein festdag både for born og eldre.
- Dei unge kan kosa seg med leikeapparat og det som er ved skulen, medan eldre kan sleppa den lange turen til Turbinen. Me håpar 17. mai vert arrangert på skulen i år. Dei mange underskriftene på listene som har lege ute støttar opp om dette, seier Kirsten Lid og Åse Rødland.
- Forstår at det er ulike meiningar
Lene Carlsen er ein av leiarane i 17. mai-nemnda på Dale. Ho seier nemnda snart må konkludera om ein skal satsa på Turbinen eller skulen.
- Det er vel ulike meiningar i denne saka, både ute mellom folk på Dale, og innad i nemnda som skal arrangera 17. mai, seier Carlsen.
Ho fortel at nemnda har hatt nokre møte, og at lokalisering har vore tema.
- Ja, me har snakka om dette både før underskriftsaksjonen kom, og etter. Om ikkje så altfor lenge må me konkludera. Slik det ser ut, så vil nok nokre verta fornøgde og nokre mindre fornøgde, uansett om me vel å halda fram med 17. mai i Turbinen, eller prøver oss på skulen. Eg forstår engasjementet dette skapar, seier Carlsen.
Kva meiner du?
Her kan du seia kva du meiner.
Merk at ei slik meiningsmåling ikkje kan samanliknast med ei måling der ein spør eit representativt utval.
Smartembed for https://www.vp.no/api/graff/v1/component/enkel-poll?id=81828