Herold

NVE har vurdert om Noreg kan risikera same straumbrotet som Spania

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Wenche Schanke Eikum Published: 2026-03-05 09:59:41
NVE har vurdert om Noreg kan risikera same straumbrotet som Spania

I april i fjor skjedde det stÞrste straumbrotet i Europa pÄ over 20 Är, der heile Spania og Portugal vart mÞrklagt. No har NVE og RME vurdert om ei liknande hending kan skje her til lands.

Konklusjonen er at det er usannsynleg med eit liknande, landsdekkjande straumbrot i Noreg. HovudÄrsaka er mÄten det norske kraftsystemet er bygd opp, skriv NVE i ei pressemelding.

– Me meiner det er usannsynleg at Noreg fĂ„r eit liknande, landsdekkjande straumbrot som det Spania og Portugal opplevde i fjor. Me har eit heilt anna kraftsystem, med mange kraftverk fordelte over heile landet, som er pĂ„lagt Ă„ bidra til Ă„ sikra stabiliteten i kraftsystemet. I tillegg er me tett kopla opp mot dei andre nordiske landa, noko som styrkjer forsyningstryggleiken vĂ„r, seier vassdrags- og energidirektĂžr Kjetil Lund.

Kontinuerleg tilpassing

Analysen er gjennomfÞrt av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Reguleringsmyndigheita for energi (RME) pÄ oppdrag frÄ Energidepartementet. Vurderingane baserer seg pÄ kva NVE sÄ langt veit om hendingsgangen, og dessutan forskjellar i oppbygning og regulering av det norske og det spanske kraftsystemet.

– Hendinga i Spania og Portugal er ei viktig pĂ„minning om at kraftsystemet er komplekst, og at stĂžrre straumbrot kan skje. Produksjon, forbruk, kraftnett, vern, styringssystem og marknader verkar inn pĂ„ kvarandre heile tida, og hendingar Ă©in stad kan fĂ„ konsekvensar heilt andre stader.

Kraftsystema i Norden og Europa stÄr no midt i ei omstilling med overgang frÄ fossil til fornybar kraftproduksjon, med auka kraftetterspurnad og auka kraftutveksling pÄ tvers av land.

– Samfunnet blir stadig meir avhengig av straum, og kraftsystemet blir stadig meir komplekst. Den store energiomstillinga som gĂ„r fĂžre seg i Europa, pĂ„verkar ogsĂ„ oss i Noreg. SĂ„ me mĂ„ fĂžlgja godt med framover. Me mĂ„ passa pĂ„ Ă„ ha oppdaterte regelverk og krav, og me mĂ„ passa pĂ„ at regelverka blir fĂžlgde, seier Lund.

đŸ·ïž Extracted Entities (10)

Noreg (entity) Spania (entity) NVE (entity) Europa (entity) Portugal (entity) Kjetil Lund (person) RME (entity) Energidepartementet (entity) Norden (entity) Reguleringsmyndigheita (entity)