Herold

Sesongstart i Galleri Banken: – På plexiglas brukar eg ein teknikk eg har utvikla sjølv

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Jonn Karl Sætre Published: 2026-03-05 12:22:52
Sesongstart i Galleri Banken: – På plexiglas brukar eg ein teknikk eg har utvikla sjølv

I palmehelga sesongopnar Galleri Banken i Ølve med maleri av tysnesingen Jan Vaage.

Galleriet har sendt ut ei pressemelding forfatta av malaren sjølv, Jan Vaage (f. 1952). I meldinga karakteriserer han seg som ein sjølvlært amatørkunstnar som har malt i mange år, litt av og på med produktiviteten. Vaage lagar ein del av bilda med ein heilt spesiell vri:

«I mange år malte eg med olje på lerret, men har dei siste åra gått over til akryl. I tillegg til å mala lerret, maler eg òg på baksida av plexiglas. Dette er ein teknikk eg sjølv har utvikla – i alle fall veit eg ikkje om andre som maler på denne måten. I tillegg til pensel brukar eg ulike reiskapar når eg lagar bilda».

Vaage skriv at han dei to siste åra har fått tilbake litt av «gneisten»:

«Sjølv om eg ikkje er aktivt med i kunstgruppa Kreativ Tysnes, har gjengen der ein stor del av æra for at eg starta opp igjen med malinga».

🏷️ Extracted Entities (3)

Galleri Banken (organization) Jan Vaage (person) Ølve (entity)