Herold

Ungdommar får skryt: – Vi er så takknemlege

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Mona Grønningen Published: 2026-03-05 17:01:00
Ungdommar får skryt: – Vi er så takknemlege

Elevar ved 8. trinn på Husnes ungdomsskule trør til for å gjera det finare på Husnes.

I eit innlegg på Facebook fortel damene i undergruppa Husnes Pryd at elevane, som har faget arbeidslivsfag, gav beskjed om at dei ville hjelpa til med å rydda området i nærleiken av Europris kvar tysdag i nokre veker framover.

«Vi er så takknemlege for den gode hjelpa, og glade for at dei unge bidreg til at det blir kjekkare i bygda vår!» står det i innlegget.

Husnes Pryd nytta òg høvet til å takka Eining for veg og park i Kvinnherad kommune:

«Dei sette ut ein stor tilhengar som ungdommane kunne fylla med kvist og kvast. Tusen takk for det gode samarbeidet vi har».

Kristine trør til med motorsaga – no blir turstien finare

🏷️ Extracted Entities (5)

Husnes Pryd (person) Eining (entity) Europris (entity) Facebook (entity) Kvinnherad (entity)