Herold

Naturvern er ikkje «luksus»

Plus
Kilde: Hordaland Author: Inge Draugsvoll, Styremedlem i Voss Naturvernlag, Voss Published: 2026-03-05 07:33:33
Naturvern er ikkje «luksus»

I innlegget «Traktorveg til Grungane» raljerer Ågot Himle med «miljørørsla» som om naturvern er eit urbant innfall for folk på Vangen. Ho om det.

Voss Naturvernlag har etterspurt ei ryddig, oppdatert og etterprøvbar handsaming av ein søknad som har feil og manglar – og som kan få varige verknader i eit sårbart fjell- og vassdragsmiljø.

Matproduksjon står ikkje i motsetnad til natur. Tvert imot. Fungerande økosystem er sjølve grunnlaget for alt liv og eit berekraftig landbruk. Beitemark og gamle kulturlandskap er òg viktige for naturmangfaldet. Himle skremmer med 3. verdskrig og matmangel. Men tap av natur og naturmangfald er, saman med klimaendringar, mellom dei største globale truslane – med katastrofale fylgjer dersom utviklinga ikkje snur.

Himle skriv varmt om historie og stølskultur. Det er fint, sjølv om ein motorisert versjon kanskje ikkje er like sjarmerande. Målet må vera å ta vare på både stølskulturen og den naturen som husar historie, naturmangfald og friluftsliv. Ho har sjølv stått på barikadane for å verna det som var – rett nok eit bygningsmiljø på Vangen, og så lenge sidan at det kanskje er gløymt.

Då er det vel ikkje vanskeleg å ha forståing for at nokon vil ta vare på litt av den fjellnaturen som oldemor hennar var så heldig å oppleva som ung jente på 1850-talet. Vårt håp er at ungar i 2050 kan trø stiane i sine eigne fjellparadis – ikkje berre lesa om dei.

Traktorveg til Grungane

Løftar opp omstridd sak om vegbygging: – Har prinsipielle moment

Omstridd vegsak kjem opp på ny – stølseigar vil byggja veg inn i naturskjønt område

Ågot (79) har fått Homoprisen og starta Kvinnefronten. Å mista mor si som liten er det som har prega henne mest

🏷️ Extracted Entities (6)

Grungane (entity) Vangen (entity) Homoprisen (entity) Kvinnefronten (entity) Voss Naturvernlag (person) Ågot Himle (person)