Herold

Innspel til arealplanen – no må fleire på bana

Plus
Kilde: Hordaland Author: Hilde Magnusson og Asgeir Løno, Heradstyremedlemmer Voss Ap Published: 2026-03-05 10:17:32
Innspel til arealplanen – no må fleire på bana

Voss skal no revidera kommuneplanen sin arealdel. Det er ein av dei viktigaste planane kommunen lagar, fordi den bestemmer kvar me kan byggja bustader, utvikla næring og ta vare på natur og landbruk i åra som kjem.

No vert det invitert til innspel, og det er bra.

Slike prosessar vert betre jo fleire som deltek – grunneigarar, næringsliv, fagmiljø og innbyggjarar som har tankar om korleis Voss bør utvikla seg.

For Arbeidarpartiet er det nokre prinsipp som er viktige når arealplanen skal reviderast.

Bustadbygging må i større grad skje der infrastrukturen allereie finst. Skular, barnehagar, vegar, kollektivløysingar og idrettsanlegg er investeringar fellesskapet alt har gjort. Då bør me og leggja til rette for bustader i nærleiken av desse. Slik kan me få gode bumiljø og samstundes bruke ressursane betre.

Me må ta prinsippet om arealnøytralitet på alvor. Det betyr at me i større grad bør utvikla område som alt er tekne i bruk eller som har låg natur- og landbruksverdi, før me byggjer ned nye areal. Transformasjon og fortetting der det ligg til rette for det bør vere ein naturleg del av diskusjonen.

Og me må snakka meir om kva slags bustader me treng, ikkje berre kor dei skal liggja. På Voss treng me fleire ulike bustadtypar: små leilegheiter for unge og førstegangsetablerarar, bustader som passar for eldre som ønskjer noko lettare å bu i, og gode bumiljø for barnefamiliar.

Dette heng òg saman med målet om sosial bustadbygging. Dersom Voss skal vere ein stad der folk i ulike livsfasar og med ulike økonomiske føresetnader kan bu, må me leggja til rette for eit breiare bustadtilbod enn i dag.

Samtidig er det mange som sit med gode idear til kvar og korleis Voss kan utviklast vidare. Kommuneplanen vert betre dersom desse kjem fram tidleg i prosessen.

Difor vil me oppmoda fleire til å engasjera seg og koma med innspel til arealplanarbeidet. Kva område bør utviklast? Kvar ligg dei gode moglegheitene for bustadbygging nær eksisterande infrastruktur? Kva bustadtypar manglar me?

Dette er spørsmål som fortener ein brei diskusjon.

Tvildemoen, Skulestadmo og Palmafossen blir del av regionsenteret: – Viktige område

Gav tommel opp for bustadprosjekt

Manglar dispensasjon i Bømoen: – Det er barneidrett me snakkar om

🏷️ Extracted Entities (5)

Voss (entity) Arbeidarpartiet (entity) Bømoen (entity) Palmafossen (entity) Skulestadmo (entity)