Stansa varebil på E16: – Fann tjuvegods til fleire hundre tusen
Plus
Ein utanlandsk mann er sikta for grovt tjuveri etter at det vart funne stole verktøy til fleire hundre tusen kroner i bilen hans.
Klokka 09:25 torsdag stansa politiet ein utanlandsk registrert varebil på E16 like før Voss.
– I bilen vart det funne tjuvegods som stammar frå innbrot på ein byggjeplass i Bergen, opplyser operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad hjå Vest politidistrikt.
Pågripen på staden
Ifylgje politiet skal innbrotet ha skjedd onsdag denne veka.
– Tjuvegodset var i hovudsak verktøy til ein verdi av fleire hundre tusen kroner, opplyser Brakstad.
Føraren av bilen vart pågripen på staden.
Sikta for grovt tjuveri
Til Hordaland seier operasjonsleiaren at bilen vart stoppa like før innkøyringa til Vangen, på strekket mellom Bulken og Voss.
– Me har alt hatt dialog med dei som melde inn innbrotet, og fått bekrefta at det meste av verktøyet stammer frå der. Men me har ikkje gått gjennom alt, og me vil undersøkja om det også kan vera anna tjuvegods.
Sjåføren er ein utanlandsk mann i 20-åra, og vert teke med i arresten i Bergen. Han er sikta for grovt tjuveri, og vil etter kvart bli avhøyrd, opplyser Brakstad.
Hadde sporing på verktøyet
Operasjonsleiaren opplyser at det var eigarane av verktøyet som sette politiet på sporet av rett bil.
– Dei har hatt sporingseiningar på noko av verktøyet sitt, og har sjølv følgd med på ferda. Dei varsla oss om at det sannsynlegvis var på veg i retning Voss, seier Brakstad.
Politiet visste ikkje nøyaktig kva bil det var snakk om, men fekk gjennom ein kontroll hanka inn den mistenkte.
– No har me taua bilen til Bergen for å gå gjennom tjuvegodset grundig.
– Nokon har tydelegvis hatt det kjempemoro her
Vegvesenet slo til på E16: Stoppa bilen med senkesett og ulovleg eksos!